Historisk arkiv

Regjeringa satsar på marin næringsutvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr.: 53/2000
Dato: 04.10.2000

Regjeringa satsar på marin næringsutvikling

Næringsutvikling står sentralt i arbeidet for auka verdiskaping i fiskeri- og havbruksnæringa. Fiskeridepartementet har derfor gått saman med Nærings- og handelsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet om ei felles satsing på 90 millionar kroner til eit nyskapingsprogram for kommersiell utnytting av marine ressursar. Nyskapingsprogrammet skal forvaltast av Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) i samarbeid med departementa.

I framlegget til budsjett for Fiskeridepartementet er det oppretta ein ny budsjettpost for tilskot til næringsutvikling i marin sektor på 30 millionar kroner. Løyvinga skal fremme tiltak på område der det eksisterande verkemiddelapparatet ikkje fullt ut dekkjer dei utfordringar ei veksande fiskeri- og havbruksnæring har.

- Dette trengst for å få fortgang i arbeidet for auka verdiskaping, understrekar fiskeriminister Otto Gregussen. – Gjennom blant anna programmet for marine arter i oppdrett (NUMARIO) har Fiskeridepartementet hausta verdfull kunnskap i skjeringspunktet mellom forsking og næringsutvikling, og eg har lenge registrert ønsket om sterkare innsats i finansieringa av risikoprosjekt på dette området.

- Gjennom statsbudsjettet for 2001 ønskjer regjeringa å synleggjere ei stor satsing på næringsutvikling basert på marine ressursar, seier Gregussen. – Fiskeridepartementet vil blant anna prioritere arbeidet med oppdrett av nye marine arter. Satsinga på kveite, skjell og steinbit i regi av NUMARIO-programmet skal vidareførast, og vidare utvikling av torskeoppdrett som kommersiell næring skal prioriterast. Det same gjeld prosjekt i overgangen mellom oppdrett og havbeite.