Regulering av rekefisket i sør i 2001
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgiver: Fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 18.12.2000 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Fiskeridepartementet har fastsett regulering av rekefisket i Nordsjøen og Skagerrak for 2001. Den norske kvoten neste år er på 8.040 tonn. Av dette kan 3.310 tonn fiskast i norsk sone i Nordsjøen og 4.730 tonn i Skagerrak.
Pressemelding
Nr.: 93/2000
Dato: 18.12.2000
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams 22 24 64 40
m. 90 02 44 46
Regulering av rekefisket i sør i 2001
Fiskeridepartementet har fastsett regulering av rekefisket i Nordsjøen og Skagerrak for 2001. Den norske kvoten neste år er på 8.040 tonn. Av dette kan 3.310 tonn fiskast i norsk sone i Nordsjøen og 4.730 tonn i Skagerrak.
Den samla kvoten kan fiskast over tre periodar, kvar på fire månader. I den første perioden fram til 30. april kan 40 prosent av den samla kvoten fangast, i dei to neste periodane 30 prosent i kvar periode. Maksimalkvoten for det einskilde fartøyet er sett til 35 tonn i første periode og 30 tonn i kvar av dei etterfølgjande periodane.
For å kunne delta i rekefisket må fartøy over 11 meter ha levert reke i minst eitt av åra 1998, 1999 eller 2000.
I tillegg til den norske kvoten har Noreg fått overført 100 tonn reke frå EU som kan fiskast i EU-sona i Nordsjøen.