Historisk arkiv

Regulering av rognkjeksfisket i Nord-Noreg i 2001

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr.: 107/2000
Dato: 21.12.2000
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams 22 24 64 40 m. 90 02 44 46

Regulering av rognkjeksfisket i Nord-Noreg i 2001

Fiskeridepartementet har fastsett regulering av rognkjeksfisket i Nordland, Troms og Finnmark for 2001.

Fisket blir regulert med maksimalkvotar på 2.000 liter rognkjeksrogn for det enkelte fartøyet. Gjeldande deltakaravgrensing for fartøy over 13 meter blir vidareført. Blant anna er det krav om deltaking i fisket etter rognkjeks i minst eitt av åra mellom 1998 og 2000.