Historisk arkiv

Regulering av seifisket i sør i 2001

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr.: 108/2000
Dato: 21.12.2000
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams 22 24 64 40 m. 90 02 44 46

Regulering av seifisket i sør i 2001

Fiskeridepartementet har fastsett regulering av seifisket sør for 62. graden for 2001. Etter avsetting til tredjeland kan norske fiskarar fange 41.000 tonn sei.

Gruppekvoten for notfartøy er 7.000 tonn og for konvensjonelle fartøy 8.000 tonn. Resten av den norske seikvoten blir tildelt trålarane. Det er sett av 3.000 tonn til industritrålgruppa for å dekke bifangst av sei i industritrålfisket etter augepål og tobis. Med dette får industritrålarane samla ein kvote på 6.220 tonn. Resten av trålkvantumet vert fordelt med 15.640 tonn til torsketrålarane og 4.140 tonn til seitrålarane.

Dei konvensjonelle fartøya vert regulerte med maksimalkvotar på 450 tonn. Det konvensjonelle fisket for fartøy over 28 meter vert stogga når det står att 1.400 tonn av gruppekvoten.

Det direkte trålfisket vert stogga frå og med 2. juli til og med 12. august. 60 prosent av gruppekvoten kan fiskast før sommarstoggen og 40 prosent etterpå. Torsketrålarane vert regulerte med maksimalkvotar på 400 tonn, og må ta minst 160 tonn av dette frå og med 13. august. Industritrålarane vert regulerte med maksimalkvotar på 200 tonn. Av dette er 30 tonn garantert kvote. Seitrålarane blir regulerte med fartøykvotar på 260 tonn.

linkdoc115836#docForskrift om regulering av fisket etter sei sør for 62°N i 2001