Historisk arkiv

Regulering av uerfisket i norsk økonomisk sone i 2001

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr.: 103/2000
Dato: 20.12.2000
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams 22 24 64 40 m. 90 02 44 46

Regulering av uerfisket i norsk økonomisk sone i 2001

Fiskeridepartementet har fastsett regulering av fisket etter uer i norsk økonomisk sone i 2001. Forbodet mot direktefiske etter uer nord for den 70. breiddegraden vert vidareført. I fiske etter andre fiskeslag i dette området er det tillate å ha 25 prosent uer som bifangst i den enkelte fangst og ved landing.

Av omsyn til uerbestanden vert det, på same måte som i år, forbode å fiske med torsketrål i to nærare definerte område sør for 70. graden. Koordinatane for desse områda som vart fastsette med verknad frå 1. mars 2000, gjeld også i 2001. Fiskeridepartementet vil samrå seg med Havforskingsinstituttet på nyåret og vurdere om områdegrensene eventuelt skal endrast.