Historisk arkiv

Seikvote for 2001

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Fiskeridepartementet har fastsett totalkvoten for fisket etter sei nord for 62. breiddegrad til 135.000 tonn for neste år. Totalkvoten for 2001 er 10.000 tonn høgre enn kvoten for i år. Etter avsetting til andre land gir dette ein samla kvote for norske fiskarar på 125.000 tonn i 2001.

Pressemelding

Nr.: 76/2000
Dato: 30.11.2000
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams tlf. 22 24 64 40/ 90 02 44 46

Seikvote for 2001

Fiskeridepartementet har fastsett totalkvoten for fisket etter sei nord for 62. breiddegrad til 135.000 tonn for neste år. Totalkvoten for 2001 er 10.000 tonn høgre enn kvoten for i år. Etter avsetting til andre land gir dette ein samla kvote for norske fiskarar på 125.000 tonn i 2001.

Ein totalkvote på 135.000 tonn inneber at nivået for uttak frå bestanden vert uendra i høve til i år. Berekningar frå Havforskingsinstituttet i haust syner at dette inneber at vi kan vente auke i gytebestanden.

Fiskeridepartementet vil vurdere kvotenivået på nytt når dei reviderte bestandsberekningane frå Det internasjonale råd for havforsking ligg føre tidleg i juni 2001.