Historisk arkiv

Sikrare sjøtransport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr.: 55/2000
Dato: 04.10.2000

Sikrare sjøtransport

Regjeringa vil styrke tryggleiken til sjøs og gjer derfor framlegg om at løyvingane til fyr- og merketenesta over Fiskeridepartementet sitt budsjett vert auka med 20,7 millionar kroner neste år.

- Dette vil først og fremst bli brukt til betre merking av hurtigbåtleiene, seier fiskeriminister Otto Gregussen. – Det er viktig å trygge både hurtigbåttrafikken og all annan sjøtransport best muleg. Det er berre på den måten sjøtransporten kan vere eit effektivt og tidsmessig transporttilbod, understrekar fiskeriministeren.