Historisk arkiv

Vilkår for deltaking i seinotfisket i 2001

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Fiskeridepartementet har fastsett vilkår for deltaking i fisket etter sei med not nord for 62. graden i 2001 for fartøy mellom 13 og 27,5 meter største lengde. Ordninga med deltakaravgrensing for desse fartøya vert i all hovudsak vidareførd i same form som for inneverande år.

Pressemelding

Nr.: 85/2000
Dato: 05.12.2000
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams 22 24 64 40/ 900 24 446

Vilkår for deltaking i seinotfisket i 2001

Fiskeridepartementet har fastsett linkdoc115440#docvilkår for deltaking i fisket etter sei med not nord for 62. graden i 2001 for fartøy mellom 13 og 27,5 meter største lengde. Ordninga med deltakaravgrensing for desse fartøya vert i all hovudsak vidareførd i same form som for inneverande år.

For å få delta i seinotfisket i 2001 krevst det at fartøyet har delteke i fisket etter sei med not i minst eitt av åra 1998, 1999 eller 2000. Det krevst at fartøyet har fiska og levert minst 10 tonn notsei i det kalenderåret som vert lagt til grunn.

Fartøy under 13 meter er fritekne for krava om tidlegare deltaking og levert fangst, slik dei også har vore i 2000.

I forskrifta for neste år vert det innførd ei ny ordning med godkjenning av fartøy som skal delta i fisket etter sei med not. Eigar og fartøy som skal delta i seinotfisket må ha ei særskild godkjenning frå Fiskeridirektoratet sitt regionkontor som viser at vilkåra for å delta er oppfylte.