Historisk arkiv

Fiskeriminister Otto Gregussen deltek på fiskeri- og miljøkonferanse på Færøyane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Fiskeriminister Otto Gregussen deltek på Konferansen om vern av havet og berekraftig bruk av levande marine ressursar i Nord-Atlanteren, på Færøyane 21. og 22. juni. Konferansen er delt i fire sesjonar, og Gregussen skal halde innleiingsforedraget og leie sesjonen om korleis ein kan sikre berekraftige samfunn på grunnlag av ressursane i havet. (19.06.01)

Pressemelding

Nr.: 51/2001
Dato: 19.06.2001
Kontaktperson: Rådgjevar Brit Fisknes 22 24 64 45

Fiskeriminister Otto Gregussen deltek på fiskeri- og miljøkonferanse på Færøyane

Fiskeriminister Otto Gregussen deltek på Konferansen om vern av havet og berekraftig bruk av levande marine ressursar i Nord-Atlanteren, på Færøyane 21. og 22. juni. Konferansen er delt i fire sesjonar, og Gregussen skal halde innleiingsforedraget og leie sesjonen om korleis ein kan sikre berekraftige samfunn på grunnlag av ressursane i havet.

Fleire fiskeri- og miljøvernministrar vil delta på konferansen som samlar utsendingar frå alle landa kring Nord-Atlanteren, frå EU og frå fleire samarbeidsorgan i dette området. Det er første gong at både fiskeri- og miljøforvaltinga kring Nord-Atlanteren møtest på denne måten.

- Slik får vi ein heilheitleg diskusjon om problema og utfordringane vi står overfor og vi kan drøfte felles løysingar både på fiskeri- og miljøsida, seier fiskeriminister Otto Gregussen.

Det er Nordisk ministerråd i samarbeid med dei færøyske styresmaktene som arrangerer konferansen.