Historisk arkiv

Ikkje forskingsfangst på springarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Fiskeridepartementet

Fiskeridepartementet seier nei til søknaden frå Havforskingsinstituttet om å få fange 60 springarkvalar av artene kvitnos og kvitskjeving til forskingsføremål. (06.04.2001)

Pressemelding

Nr.: 31/2001
Dato: 06.04.2001
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams 22 24 64 40 / 90 02 44 46

Ikkje forskingsfangst på springarar

Fiskeridepartementet seier nei til søknaden frå Havforskingsinstituttet om å få fange 60 springarkvalar av artene kvitnos og kvitskjeving til forskingsføremål.

Havforskingsinstituttet viste i søknaden til at bestanden av springarar i det nordaustlige området er rekna til 132.000, og i prosjektet ønskte instituttet å kartlegge næringsinntaket til denne tannkvalen. Det ville vere viktige opplysningar i fleirbestandsforskinga og for den økosystembaserte forvaltingsrådgjevinga.

Føremålet med forskinga er i tråd med Fiskeridepartementet sin forskingsstrategi. Vidare ville analysar av miljøgifter i springarane kunne gje auka innsikt i miljøbelastinga i våre havområde, fordi dei som tannkvalar beiter på ei lengre kjede av byttedyr enn bardekvalar som vågekvalen.

Når Fiskeridepartementet likevel seier nei til søknaden har det med at ein ikkje ser at det innanfor dei samla ressursane som er til rådvelde for norsk marin forsking på fisk og havpattedyr vil vere rett å setje i verk eit program der særleg fangstaktiviteten vil krevje store midlar.