Periodisering av kystfartøygruppa sitt fiske etter norsk vårgytande sild
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 02.03.2001 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Fiskeriministeren har bestemt at kystfartøygruppa kan fiske 74.357 tonn norsk vårgytande sild før 30. juni 2001. Dette er 7.000 tonn meir enn det som var fastsett i reguleringsforskrifta ved inngangen av året. (02.03.2001)
Pressemelding
Nr.: 17/2001
Dato: 02.03.2001
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, 22 24 64
91
Periodisering av kystfartøygruppa sitt fiske etter norsk vårgytande sild
Fiskeriministeren har bestemt at kystfartøygruppa kan fiske 74.357 tonn norsk vårgytande sild før 30. juni 2001. Dette er 7.000 tonn meir enn det som var fastsett i reguleringsforskrifta ved inngangen av året.
Kvantumet på 7.000 tonn blir trekt frå kvantumet på 24.225 tonn avsett til fiske innanfor 4 nautiske mil av grunnlinjene mellom 61° N og ei rette linje mellom Lindesnes fyr og Hanstholm fyr (Karmøykassa) i perioden 16. februar til 30. april.
Kystfartøygruppa kan etter denne endringa fiske inntil 17.225 tonn norsk vårgytande i "Karmøykassa".