Historisk arkiv

Regulering av selfangsten 2001

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Fiskeridepartementet

Det vert stilt krav om deltaking på Fiskeridirektoratet sitt kurs for selfangarar for å vere med i selfangsten. Det vil også i år bli offentlege inspektørar på alle selfangstfartøya. (09.02.2001)

Pressemelding

Nr.: 13/2001
Dato: 09.02.2001
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H Williams 22 24 64 40 / 90 02 44 46

Regulering av selfangsten 2001

Fiskeridepartementet har fastsett reguleringar for selfangsten i 2001. I Vestisen startar fangsten etter klappmyss 22. mars og etter grønlandssel 10. april. I Austisen startar fangsten av grønlandssel 23. mars. Fangsten i Austisen skal vere avslutta ved utgangen av 20. april og i Vestisen ved utgangen av 10. juli for klappmyss og 30. juni for grønlandssel. Dersom ver- og isforholda tilseier det kan fangstperiodane forlengast.

Det vert stilt krav om deltaking på Fiskeridirektoratet sitt kurs for selfangarar for å vere med i selfangsten. Det vil også i år bli offentlege inspektørar på alle selfangstfartøya.

Selfangsten omfattar vaksne dyr og ikkjediande ungar. I Austisen er den norske kvoten 5.000 vaksne grønlandssel. Kvoten kan heilt eller delvis takast som ikkjediande ungar, og då tilsvarar 2,5 ungar eitt vakse dyr. I Vestisen er kvoten 15.000 vaksne grønlandssel og 10.300 vaksne klappmyss. Her tilsvarar to ikkjediande ungar av grønlandssel eitt vakse dyr, og 1,5 ikkjediande unge av klappmyss eitt vakse dyr. Kvotane er fastsette på bakgrunn av tilrådingar frå Det internasjonale råd for havforsking.

Relaterte lenker