Historisk arkiv

Vågekvalfangsten i 2001 - deltaking og regulering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Fiskeridepartementet

Fiskeridepartementet har fastsett forskrifter om deltaking i fangst av vågekval i 2001 og om regulering av fangsten. (02.03.2001)

Pressemelding

Nr.: 19/2001
Dato: 02.03.2001
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Kirsti Henriksen 22 24 64 91

Vågekvalfangsten i 2001 – deltaking og regulering

Fiskeridepartementet har fastsett forskrifter om deltaking i fangst av vågekval i 2001 og om regulering av fangsten.

Det er eit hovudvilkår for tildeling av løyve at søkjaren har deltatt med fartøyet i fangst av vågekval i minst eitt av dei seks siste åra.

Fiskeridepartementet fastsette i desember 2000 ein samla kvote for vågekvalfangsten på 549 dyr. Fangsten vert regulert med maksimalkvotar.

Fangst av vågekval utanom Nordsjøen kan starte 14. mai kl. 00.00, og må vere avslutta innan 31. juli kl. 24.00. I Nordsjøen startar fangsten når Fiskeridirektoratet bestemmer, og han skal vere avslutta innan 31. august kl. 24.00.

Fartøy som deltar i fangsten skal ha inspektør om bord.