Historisk arkiv

Enklare rekneskap - utvida overgangsordningar i rekneskapsloven

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Finansdepartementet

83/2000

Pressemelding

Nr.: 83/2000
Dato: 03.11.00
Kontaktperson: Runar Malkenes, telefon 95 21 42 83

Enklare rekneskap – utvida overgangsordningar i rekneskapsloven

Finansdepartementet går inn for å utvide høvet til å nytte dei gamle bokføringsreglane fram til 1. januar 2002 og at det skal vere valfritt å nytte eigenkapitalmetoden i selskapsrekneskapen til og med rekneskapsåret 2003.

Regjeringa fremmar desse forslaga i ein proposisjon for Stortinget i dag. Forslaga dekkjer behov næringslivet har uttrykt for utvida overgangsordningar når det gjeld dei nye reglane om registrering og dokumentasjon av rekneskapsopplysningar (bokføring) og om eigenkapitalmetoden. Departementet foreslår òg einskilde andre endringar i reglane. Forslaga skal gjere overgangen frå gamal til ny rekneskapslov enklare.

Ot.prp. nr. 13 (2000-2001) er lagd ut på veven: http://www.finans.dep.no/6/nye_publ/prop/otprp13_00_01/index.html

Omtalen av forslaga i statssekretær Ellen Mo sitt foredrag 1. november på Regnskapskonferansen 2000 er òg lagt ut på veven: http://www.finans.dep.no/6/taler_foredrag/taler_pol_ledelse/statssekr/01112000emo_foredrag/index.html