Historisk arkiv

Finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen deltar i OECDs ministerrådsmøte 26. og 27. juni 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Finansdepartementet

49/2000

Pressemelding

Nr.: 49/2000
Dato: 23.06.00
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09 / 91 32 28 11

Finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen deltar i OECDs ministerrådsmøte 26. og 27. juni 2000

Finansministeren vil delta i det årlege ministermøtet for finans- og utanriks-/handelsministrar i OECD. Årets møte har fått tittelen "Shaping Globalisation". Innanfor finansministrane sin fagkrins vil ein i første rekke drøfte utforminga av den økonomiske politikken i lys av endringar som følge av den teknologiske utviklinga og den såkalla nye økonomien. I denne samanheng vil dei også drøfte korleis fordelane som følge av globaliseringa kan fordelast best mogeleg, og korleis ein kan behalde og betra det sosiale samhøret.

Finansministeren vil vera tilgjengeleg for pressa etter nærare avtale med pressekontaktane, jf. nedanfor. Vidare vil han møte pressa på den norske OECD-delegasjonen i Paris 26. juni kl.16.00 og om formiddagen 27.6. etter nærare avtale.

Pressekontakt i Paris: Anne-Sissel Skånvik, mobiltlf. 913 228 11, eller Lars Valdresbråten (Den norske OECD-delegasjonen): tlf. (33 1) 45 24 97 97.