Historisk arkiv

Ny ordning med eingongsbetalt føretakspensjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Finansdepartementet

88/2000

Pressemelding

Nr.: 88/2000
Dato: 17.11.00
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09, mobil 91 32 28 11 /
Runar Malkenes, telefon 22 24 41 31, mobil 95 21 42 83

1 Ny ordning med eingongsbetalt føretakspensjon

Regjeringa har i dag lagt fram forslag til ei ny pensjonsordning i arbeidsforhold; eingongsbetalt føretakspensjon. Forslaget er eit nytt steg i arbeidet med å gjere systemet med skattegunstige pensjonsordningar for private føretak meir moderne. Målet er at fleire av dei nesten 1 million arbeidstakarane i privat sektor som i dag ikkje har ei pensjonsordning i tillegg til folketrygda, skal få eit slikt tilbod.

Forslaget inneber at verksemda kvart år kan bruke eit visst beløp på å kjøpe ei ferdig betalt forsikring for kvar tilsett. Slike ordningar skal få skattefordelar på lik linje med innskotspensjon i arbeidsforhold og dei tradisjonelle ytingsbaserte ordningane. Regjeringa foreslår vidare at den kapitalen som er samla opp i ytingsbaserte føretakspensjonsordningar skal kunne forvaltast med investeringsval.

Det lovforslaget som no vert lagt fram for Stortinget, opnar for at samla pensjon kan sikrast som ein sum av fleire ferdig betalte forsikringar, ei for kvart arbeidsår. Føretak som opprettar eingongsbetalt føretakspensjon, vil kunne velje om den årlege eingongspremien skal bereknast med utgangspunkt i lønna til medlemmet, eller om premien skal utgjere eit bestemt beløp for kvar tilsett. Føretaka vil difor kunne sjå dei framtidige kostnadene ved ordninga i førevegen. Lovreglane om ordninga blir foreslått arbeidd inn i lov om føretakspensjon, slik at reglane om dei forsikringsbaserte føretakspensjonsordningane vert samla i denne lova, jf Ot.prp. nr. 20 (2000-2001) som er lagt fram i dag. Det forslaget som no vert lagt fram gir fleire val og verkar til auka fleksibilitet i systemet for føretakspensjonar.

Eingongsbetalt føretakspensjon skal kunne opprettast i tradisjonelle livsforsikringsselskap eller i fondsforsikringsselskap. For den enkelte arbeidstakar vil talet på eingongsbetalte forsikringar (talet på yrkesaktive år), avkastning på pensjonsrettane og kor mange år pensjonsrettane vert forrenta, vere mellom dei forholda som påverkar alderspensjonen frå ordninga.

I Ot.prp. nr. 20 (2000-2001) foreslår Regjeringa at kapitalen i ytingsbaserte pensjonsordningar, der medlemmene sin alderspensjon vanlegvis er ein bestemt del av sluttløn, skal kunne forvaltast med investeringsval for føretaket. I slike tilfelle vil primært føretaket, og sekundært fondsforsikringsselskapet, vere ansvarleg for den pensjon ein medlem har tent opp. Det opnast også for at føretaket skal kunne kjøpe ein avkastningsgaranti i fondsforsikringsselskapet.