Historisk arkiv

Offentleg utval skal greie ut om pensjonsordningar for kvinner og menn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Finansdepartementet

95/2000

Pressemelding

Nr.: 95/2000
Dato: 08.12.00
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09/mobil 913 22 811

Offentleg utval skal greie ut om pensjonsordningar for kvinner og menn

Kongen i statsråd har i dag sett ned eit utval som skal greie ut spørsmål omkring kjønnsnøytrale premiar i pensjonsordningar.

Eit sentralt spørsmål knytt til livsforsikring er at kvinner og menn har ulik forventa levealder. Etter forsikringsverksemdlova skal det nyttast premiar som står i eit rimeleg forhold til den risiko som selskapet tar over, og i forhold til selskapet sin økonomi. I ytingsbaserte pensjonsordningar betaler derfor arbeidsgivar meir for kvinner enn for menn, fordi kvinner i gjennomsnitt lever lenger enn menn. Dette kjem likevel ikkje klart til syne, fordi innbetalingane ikkje er knytt direkte til den enkelte medlemmen, men foretaket betaler ein samla premie for hele ordninga.

I innskotspensjonar er innbetalingane knytt direkte til den enkelte medlemmen. Eventuelle forskjellar i innbetaling blir derfor synleggjort. I proposisjonen om lov om innskotspensjon går det fram at departementet vil ta initiativ til at spørsmål omkring kjønnsnøytrale premiar greiast ut på brei basis (jf. Ot.prp. nr. 71 (1999-2000)). Utvalet har følgjande samansetjing:

Skolesjef Mary Kvidal (leiar), Malvik

Seniorrådgivar Trond Brun–Gulbrandsen, Oslo

Fagsjef Jan R. Clausen, Bærum

Likestillingsombod Kristin Mile, Oslo

Avdelingsdirektør Ole Christian Moen, Oslo

Sekretær Per Gunnar Olsen, Oslo

Sjefaktuar Sissel Rødevand, Oslo

Generalsekretær Tove Storrødvann, Ski

Mandat