Historisk arkiv

Statsrekneskapen for 1999 gjort opp med overskot

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Finansdepartementet

18/2000

Pressemelding

Nr.: 18/2000
Dato: 28.04.00
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09/913 22 811

Statsrekneskapen for 1999 gjort opp med overskot

Det samla overskotet i statsrekneskapen og Statens petroleumsfond blei i 1999 på 39,9 mrd. kroner, syner statsrekneskapen for 1999 som ble lagt fram i dag.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 1999 var 499,6 mrd. kroner medan utgiftene var på 467,0 mrd. kroner.

Statsrekneskapen inneheld ein omtale av hovudtrekka i finanspolitikken for 1999, endringar frå budsjett til rekneskap, samt omtale av inntektene og utgiftene for nokre særskilde satsingsområde.

Med utgangspunkt i regnskap for 1998 vart den finanspolitiske innstramminga i 1999 på om lag 3/4 pst. av BNP for Fastlands-Noreg, målt ved endringa i det olje-, rente- og aktivitetskorrigerte budsjettunderskotet. Den reelle, underliggende utgiftsauken var i same periode på 2 pst.

Av tala går det mellom anna fram at utgiftene til Folketrygden auka kraftig frå 1998 til 1999. Dei samla utgiftene til sjukepengar frå Folketrygden var i 1999 nær 18,8 mrd. kroner, ei nominell auke på 13,4 prosent frå 1998 til 1999.

Statsrekneskapen syner også at kontantstøtta vart 169 mill. kroner dyrare enn budsjettert, medan dei samla utbetalingane til driftstilskot for barnehagar blei vel 253,8 mill. kroner lågare enn føresett.

Overførte løyvingar frå 1999 til 2000 vart på 7 mrd. kroner. Dei største overføringane er under Kommunal- og regionaldepartementet med 1,1 mrd. kroner, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet med 0,8 mrd. kroner og under Sosial- og helsedepartementet med 0,7 mrd. kroner.

Meldinga inneheld og rekneskapstala for Statens petroleumsfond. Statens netto inntekter frå oljeverksemda blei i 1999 44,6 mrd. kroner, av disse blei 18,5 mrd. kroner ført tilbake til statskassa. Per 31.12.1999 var den bokførde verdien av fondet 220.8 mrd. kroner. Dette er ein auke på 56,2 mrd frå i fjor.

Hovudtal for statsrekneskapen 1999

Saldert budsjett

(Blå bok)

Nysaldert budsjett

Anslag på rekneskap etter nysaldering

Rekneskap 1999

1. Statsbudsjettet

Inntekter i alt

506 164

491 413

491 413

499 570

Inntekter frå petroleumsverksemd

81 659

74 680

74 680

75 589

Inntekter ekskl. petroleumsinntekter

424 505

416 733

416 733

423 981

Utgifter i alt

455 506

464 047

465 347

467 009

Utgifter til petroleumsverksemd

25 517

30 120

30 120

30 962

Utgifter ekskl. petroleumsverksemd

429 989

433 927

435 227

436 047

Statsbudsjettets oljekorrigerte overskot

-5 483

-17 194

-18 494

-12 066

+ Overført frå Statens petroleumsfond

5 483

18 494

18 494

18 494

= Statsbudsjettets overskot før lånetransaksjonar

0

1 300

0

6 428

2. Statens petroleumsfond

Statsbudsjettets netto kontantstrøm frå petroleumsverksemd

Førast over til Statens petroleumsfond

56 142

44 560

44 560

44 627

-Overført til statsbudsjettet

5 483

18 494

18 494

18 494

+Renteinntekter og utbytte i fondet

6 076

6 800

6 800

7 296

= Overskot i Statens petroleumsfond

56 735

32 866

32 866

33 429

3. Statsbudsjettet og Statens petroleumsfond samla

Overskot

56 735

34 166

32 866

39 857