Historisk arkiv

Til pressa: Tilbod om Nasjonalbudsjettet 2001 på e-post

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Finansdepartementet

63/2000

Pressemelding

Nr.: 63/2000
Dato: 29.09.00
Kontaktperson: Janne K. Wongraven, telefon 22 24 41 05

Til pressa:

Tilbod om Nasjonalbudsjettet 2001 på e-post

Budsjettdokumenta for 2001 vert offentlege 4.oktober kl.10.00, og vert lagt ut på Odin og Finansdepartementet si heimeside: www.finans.dep.no

Erfaring syner at det er stor interesse for dokumenta, og difor har vi i år utvida kapasiteten kraftig. For å gje særskild interesserte tilgang til Nasjonalbudsjettet raskast mogleg, vil vi også kunne sende det i PDF-format på e-post kl. 10.00 4. oktober. På grunn av kapasiteten kan ikkje eit slikt tilbod overstige 50 adressatar. Dette skjer etter "først til mølla" prinsippet.

Skjema vert fjerna 3.oktober kl 12.00 eller når lista er fulltekna. Alle som er melde på vil få bekrefting, eller beskjed om at lista er fulltekna.


Spørsmål eller kommentarer til dette tilbodet kan rettes til info-fin@finans.dep.no