Historisk arkiv

Til redaksjonen: Finansminister Schjøtt-Pedersen til nordisk finansministermøte i København og konferanse om euroen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Finansdepartementet

40/2000

Pressemelding

Nr.: 40/2000
Dato: 14.6.00
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09/913 22 811

Til redaksjonen

Finansminister Schjøtt-Pedersen til nordisk finansministermøte i København og konferanse om euroen

  • Dei nordiske finans- og økonomiministrane har sitt årlege sommarmøte i København onsdag 21. juni:

På dagsorden står mellom anna den økonomiske situasjonen i dei nordiske landa og spørsmål om Den økonomiske og monitære union (ØMU). Onsdag kl 17.30 er det avsett tid for ein pressekonferanse med ministrane. Finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen vil også være tilgjengeleg for norsk presse i etterkant av pressekonferansen.

  • Konferanse om " Euroen og de nordiske velferdstatane" torsdag 22. juni:

Den danske økonomiminister Marianne Jelved inviterer i denne samanheng til ein konferanse om "Euroen og de nordiske velferdstatane" torsdag 22. juni frå klokka 10-16.45 på Scandic Hotel Copenhagen.

Finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen vil halde sitt innlegg på konferansen torsdag kl.16.15 .

Programmet for konferansen er lagt ut på heimesida til departementet under "Nytt fra FIN". Adressa er: www.finans.dep.no. Ein kan også melda seg på konferansen på heimesida til Nordisk ministerråd: www.norden.org, eller til mb@nmr.dk