Tryg-Baltica får kjøpe Vesta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Finansdepartementet
15/2000
Pressemelding | Dato: 06.04.2000 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr.: 15/2000
Dato: 6. april 2000
Tryg-Baltica får kjøpe Vesta
Finansdepartementet har i dag gitt det danske forsikringskonsernet Tryg-Baltica AS konsesjon til å overta Vesta Forsikring frå det svenske forsikringskonsernet Skandia.
Tryg-Baltica tek over både skade- og livsforsikring, og har i søknaden opplyst at dei vil oppretthalde den strukturen Vesta-konsernet tidlegare hadde.