Historisk arkiv

Statsrekneskapen for 2000 gjort opp med overskot

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Finansdepartementet

43/2001

Pressemelding

Nr.: 43/2001
Dato: 27.04.01
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09/91 32 28 11 eller
Runar I. Malkenes, telefon 22 24 41 31/95 21 42 83

Statsrekneskapen for 2000 gjort opp med overskot

Det samla overskotet i statsrekneskapen og Statens petroleumsfond vart i 2000 på 164,4 mrd. kroner, syner statsrekneskapen for 2000 som vert lagt fram i dag.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2000 var 643,6 mrd. kroner medan utgiftene var på 490,2 mrd. kroner.

Statsrekneskapen inneheld ein omtale av hovudtrekka i finanspolitikken for 2000, endringar frå budsjett til rekneskap, samt omtale av inntektene og utgiftene for nokre særskilde satsingsområde.

I forhold til rekneskapen for 1999 vart den finanspolitiske innstramminga i 2000 på om lag 1/2 prosent av BNP for Fastlands-Noreg, målt ved endringa i det olje-, rente- og aktivitetskorrigerte budsjettunderskotet. Den reelle underliggjande utgiftsauken var i same periode på 1 3/4 prosent.

Av tala går det mellom anna fram at utgiftene til Folketrygda auka kraftig frå 1999 til 2000. Dei samla utgiftene til sjukepengar frå Folketrygda var i 2000 nær 21,8 mrd. kroner, ein nominell auke på 15,9 prosent frå 1999 til 2000.

Overførte løyvingar frå 2000 til 2001 vart på 8,7 mrd. kroner. Dei største overføringane er under Kommunal- og regionaldepartementet med 1,2 mrd. kroner, Samferdsledepartementet med 1,0 mrd. kroner, Forsvarsdepartementet med 1,0 mrd. kroner og Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet med 0,9 mrd. kroner.

Meldinga inneheld og rekneskapstala for Statens petroleumsfond. Statens netto kontantstraum frå oljeverksemda vart i 2000 på 161,4 mrd. kroner. Av desse vart 9,5 mrd. kroner ført tilbake til statskassa. Per 31.12.2000 var den bokførde verdien av fondet 386,6 mrd. kroner. Det er ein auke på 165,8 mrd. kroner frå i fjor.

Hovudtal for statsrekneskapen 2000

(Tal i mill. kroner)

Saldert budsjett

Nysaldert budsjett

Anslag på rekneskap etter nysaldering

Rekneskap 2000

1. Statsbudsjettet

Inntekter i alt

544 787

641 146

641 146

643 649

Inntekter frå petroleumsverksemd

105 550

184 389

184 389

184 623

Inntekter utan petroleumsinntekter

439 237

456 757

456 757

459 026

Utgifter i alt

472 949

490 566

489 556

490 219

Utgifter til petroleumsverksemd

20 430

23 326

23 326

23 250

Utgifter utan petroleumsverksemd

452 519

467 240

466 230

466 969

Statsbudsjettets oljekorrigerte overskot

-13 282

-10 483

-9 473

-7 943

+ Overført frå Statens petroleumsfond

13 282

9 468

9 468

9 468

= Statsbudsjettets overskot før lånetransaksjonar

0

-1 015

-5

1 525

2. Statens petroleumsfond

Statsbudsjettets netto kontantstraum frå petroleumsverksemd

Førast over til Statens petroleumsfond

85 120

161 063

161 063

161 373

- Overført til statsbudsjettet

13 282

9 468

9 468

9 468

+ Renteinntekter og utbyte i fondet

7 400

11 000

11 000

10 920

= Overskot i Statens petroleumsfond

79 238

162 595

162 595

162 825

3. Statsbudsjettet og Statens petroleumsfond samla

Overskot

79 238

161 580

162 590

164 350