Historisk arkiv

Til redaksjonen: Kjønnsnøytrale premiar i pensjonsordningar - utval overleverer si utgreiing til finansministeren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr.: 83/2001
Dato: 09.10.01
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09, mobil 913 22 811/Runar Malkenes, telefon 22 24 41 31, mobil 952 14 283

Til redaksjonen
Kjønnsnøytrale premiar i pensjonsordningar – utval overleverer si utgreiing til finansministeren

Utvalet som har greia ut spørsmål om kjønnsnøytrale premiar i pensjonsordningar i privat sektor overleverer utgreiinga til finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen onsdag 10. oktober kl. 11.00. Overleveringa finn stad på finansministeren sitt møterom 326, Finansdepartementet Akersgt. 40.

Eit sentralt spørsmål knytt til livsforsikring er at kvinner og menn har ulik forventa levealder. Etter forsikringsverksemdlova skal det nyttast premiar som står i eit rimeleg forhold til den risiko som selskapet tar over, og i forhold til selskapet sin økonomi. I ytingsbaserte pensjonsordningar betaler derfor arbeidsgivar meir for kvinner enn for menn, fordi kvinner i gjennomsnitt lever lenger enn menn. På denne bakgrunn sette Regjeringa ned eit utval for å greie ut om pensjonsordningar kan vere kjønnsnøytrale.

Etter at finansministeren har motteke utgreiinga, vil leiar av utvalet, Mary Kvidal, orientere pressa om arbeidet og tilrådingane. Møterom 153 i Finansdepartementet.