Historisk arkiv

19.11.2000 Spørsmål nr. 61 frå stortingsgruppa til Krf av 8.11.2000, om Statsbudsjettet 2001

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Finansdepartementet

Finansdepartementet
19.11.2000
Vårt journalnr: 2000/4900

Spørsmål nr. 61 frå stortingsgruppa til Krf av 8.11.2000, om Statsbudsjettet 2001

"I Innst.S. nr. 252 (1999-2000) ber eit fleirtal om at kompensasjon til dei kommunane som fekk auka kostnader som følgje av endra arbeidsgjevaravgiftssone vert ført vidare for 2001. For år 2000 er nemnde meirkostnad rekna til 54,2 mill. kroner.

Då me ikkje kan sjå at dette er kommentert i budsjettproposisjonen frå det aktuelle departement, ber me opplyst om, og evt. korleis ovannemnde utgiftskompensasjon er innarbeidd i Regjeringa sitt budsjettforslag for 2001."

Spørsmålet er lagt fram for Kommunal- og regionaldepartementet som har følgjande svar:

"I 2001 har Kommunal- og regionaldepartementet gitt til saman 22,6 millionar kroner i skjønnsmidlar som kompensasjon til kommunane som fekk auka arbeidsgjevaravgift frå 1. januar 2000. Denne kompensasjonen er gitt på grunnlag av tilråding frå fylkesmennene. Det er etter ei konkret vurdering ikkje gitt kompensasjon til Forsand, Bokn og Lindås på grunn av at desse kommunane har eit høgt inntektsnivå.

I 2000 blei det opphavleg gitt 18,2 millionar kroner i kompensasjon til kommunane for avgiftsauken gjennom skjønnsmidlane. I brev til kommunane av 21. desember 1999 varsla departementet at kommunane ville få ytterlegare kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift i 2000. Dette blei grunngitt med at avgiftsauke på kort sikt ville kunne svekke det kommunale tenestetilbodet til innbyggarane. Kommunane fekk av den grunn ytterlegare 36 millionar kroner i kompensasjon i 2000 gjennom forskot på rammetilskot utan krav om tilbakebetaling."