Historisk arkiv

26.9.2000 - Svar på spørsmål fra Sosialistisk Venstrepartis stortingsgruppe av 19.9.2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Finansdepartementet

Vedrørende Ot.prp. nr. 71 (1999-2000) om lov om innskuddspensjon i arbeidsforhold

Finansdepartementet

Vårt journalnr: 2000/4130

Spørsmål fra Sosialistisk Venstrepartis Stortingsgruppe av 19.9.2000, vedrørende Ot.prp. nr. 71 (1999-2000) Lov om innskuddspensjon i arbeidsforhold.

"I proposisjonen går det fram at departementet ynskjer å utarbeide eit forslag til forskrift der ein set eit minstenivå for årlege innbetalingar på 3 G.

Vidare er det foreslått at deltidstilsette med 20% stilling eller meir, skal ha rett til medlemskap i pensjonsordninga. Vil minstenivået på innbetaling 3 G medføre at dei med inntekt under 3 G, t.d. som følgje av deltidsstilling og/eller låg løn, fell ut av pensjonsordninga?"

Svar:

Framlegget § 4-2 tredje ledd fastlegg rett til medlemskap i pensjonsordninga for dei som jobbar deltid. Det følgjer av denne regelen at ein arbeidstakar som har mindre teneste i foretaket enn ein femdel, ikkje skal vera medlem av pensjonsordninga. Ein arbeidstakar som har ein femdel eller meir av full teneste i foretaket, skal med det takast med i ordninga. Arbeidsgjevaren kan i regelverket for pensjonsordninga avgjera at arbeidstakarar med mindre teneste enn ein femdel og skal takast opp i ordninga.

Vidare fastset framlegget § 5-2 tredje ledd at innskot for medlem i deltidsjobb skal stå i samsvar med det innskotet som hadde vore fastsett om medlemen hadde hatt heiltidsjobb. Dette fører til at arbeidstakarar med deltid vil få innskott, sjølv om det vert fastsett ei nedre grense for innskotsgivande løn. Regelen vil blant anna føra til at ein arbeidstakar som er tilsett på halv tid i to foretak med innskottspensjon, vil få same samla innskot som ein arbeidstakar på fulltid. Denne regelen fins og i lov om foretakspensjon § 3-5 andre ledd.

Etter framlegget § 4-5 skal og ein arbeidstakar som etter å ha nådd pensjonsalderen har fulltids- eller deltidsjobb i foretaket, halda fram som medlem i pensjonsordninga med innbetaling av innskot.

Departementet legg til grunn at det i slike foretak som har ordning for innskotspensjon, ikkje finst arbeidstakarar i fulltidsjobb -–eller der deltidsjobben er omrekna til fulltidsjobben – med lågare årsløn enn 3 G (147 270 kroner). Om slike arbeidstakarar likevel finst, skal dei på tross av løna meldast inn i ordninga. Om ordninga inneheld uførepensjon eller pensjon til etterlatne, vil dei, som andre medlemmer, då ha rett på slike ytingar om dei skulle bli uføre eller falla frå. Den fastlagde grensa vil berre føra til at dei ikkje har rett på innskot til alderspensjon. Dei vil få rett til innskot til alderspensjon om løna seinare stig.

VEDLEGG