Historisk arkiv

21.05.01 Svar på spm. fra KRF av 11.05.01

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Finansdepartementet

vedrørende Revidert Nasjonalbudsjett 2001

Finansdepartementet
Vårt saksnr: 01/2150

Spørsmål nr. 1, fra Kristelig Folkepartis stortingsgruppe, av 11.05, vedrørende Revidert Nasjonalbudsjett 2001

"1. punkt 6 i budsjettavtala mellom Arbeidarpartiet og sentrumspartia lyd: "Partane ber Regjeringen i Revidert nasjonalbudsjett 2001 komme tilbake med en nærmere vurdering av momsreformens virkning på forholdet mellom tjenester utført av egne ansatte og kjøp av tjenester. Virkningene for de frivillige organsisasjonene må også vurderes i denne sammenheng." Det bes om ei nærmare og meir konkret vurdering av dei økonomiske konsekvensane for dei frivillige organisasjonane av momsreforma slik den nå er foreslått av Regjeringa, ikkje minst og med tanke på kva moms på ulike tenester, mellom anna porto, vil bety for dei frivillige organisasjonane sine kostnadar."

Svar:
I Revidert nasjonalbudsjett er punkt 6. i budsjettavtalen mellom Arbeiderpartiet og sentrumspartia fylgt opp. I avsnitt 3.3.5 i St. meld. nr. 2 (2000-2001) er det gitt ei utgreiing om korleis momsreformen verkar på forholdet mellom tenester utført av verksemdene og kjøp av tenester. I denne utgreiinga er også frivillige organisasjonar tatt med.

I tabell 3.11 går det fram at frivillige organisasjonar i 1997 kjøpte posttenester til om lag 140 mill. kroner. Merverdiavgift på posttenester vil ikkje gi meir egenproduksjon av disse tenestene, men det vil gi auka kostnader for organisasjonane som ikkje har rett til frådrag for inngåande merverdiavgift. Dersom ein legg til grunn at kjøp av posttenester er 140 mill. kroner og reknar med ei auke i dei alminnelege portotakstane på 22 pst., slik Posten har varsla, vil dette gi vel 30 mill. i auka kostnader for organisasjonane. Dei større organisasjonane kan derimot ha særskilde avtalar med Posten slik at kostnadsauken blir mindre på kort sikt.

Tabell 3.11 viser kjøp av tenester som får merverdiavgift frå 1. juli 2001. For frivillige organisasjonar er samla kjøp av desse tenestene 560 mill. kroner i 1997. Halvparten er rådgjeving innan økonomi og jus. Innan dette tenesteområdet kan merverdiavgift føre til at dei større organisasjonane vel å produsere sjølve framfor å kjøpe tenestene. Det er derfor svært vanskeleg å gje ei eksakt vurdering av kostnadsauken som merverdiavgift på tenester vil gi for frivillige organisasjonar. For frivillige organisasjonane som i liten grad kjøper konsulent- og rådgjevingstenester vil kostnadsauken bli relativt liten. Dette kan gjelde idrettslag og korps og liknande.

Basert på samla kjøp på 560 mill. kroner og en prisauke på 20 pst., kan merverdiavgift på tenester gi ei auke i kostnadene på om lag 110 mill. kroner. Dersom ein justerer dette til 2001-nivå vil det gi vel 130 mill. kroner i auka kostnader. I anslaga ligg det til grunn at organisasjonane kjøper tenestene frå andre. Om dei vel å produsere tenestene sjølve vil kostnadsauken bli mindre.

VEDLEGG