Historisk arkiv

28.05.2001 Spørsmål nr. 1, fra Kystpartiets stortingsgruppe, av 14.5.2001, vedrørende Revidert Nasjonalbudsjett 2001

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Finansdepartementet

Finansdepartementet
28.05.2001
Vårt saksnr: 01/2202

Spørsmål nr. 1, fra Kystpartiets stortingsgruppe, av 14.5.2001, vedrørende Revidert Nasjonalbudsjett 2001

"Kva er orsaka til at Regjeringa no har snudt i denne saka, og ikkje vil vente til Loran C/Eurofix si rolle innan Galileo er klårlagd?"

Svar:

I St.prp. nr 1 (2000-2001) for Fiskeridepartementet vart det informert om ulike alternative bruksområder for Loran C som er under utgreiing. Det har vært ei utgreiing av grunnlaget for å bruke Loran C og GPS som eit integrert system, men ein har hittil ikkje lykkast med å utvikle praktisk brukbare mottakarar. I tillegg til dette vurderer nå fleire av medlemslanda å seie opp avtala. Dermed minskar også moglegheita for at Loran C blir knytt opp som eit ledd i det moglege europeiske satelittnavigasjonssystemet, kalla Galileo. I St.meld. nr. 28 (2000-2001) vart det derfor varsla at Fiskeridepartementet vil ta ein vurdering av Loran C i forhold til framtidig engasjement med elektroniske navigasjonshjelpemiddel. Det er konklusjonen av vurderinga som kommer fram i St.prp. nr 84 (2000-2001).