Historisk arkiv

28.05.2001 Spørsmål nr. 2, fra Kystpartiets stortingsgruppe , av 14.5, vedrørende Revidert Nasjonalbudsjett 2001

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Finansdepartementet

Finansdepartementet
28.05.2001
Vårt saksnr: 01/2202

Spørsmål nr. 2, fra Kystpartiets stortingsgruppe , av 14.5, vedrørende Revidert Nasjonalbudsjett 2001

"Kva for faglege og økonomiske utgreidingar bygde Fiskeridepartementet på då det tok avgjerda om å minka mannskapet ved Loran-C stasjonen i Bø og ikkje å videreføra norsk deltaking i det nordvest-europeiske Loran C-samarbeidet?"

Svar:

Avtalen om Loran C-samarbeidet trådde i kraft 2. april 1994. Avtala fastslår at ti år etter avtala trer i kraft kan Parten/Partane, i løpet av de første seks månadene av det ellevte året, skriftleg meddele depositar-landet (som er Noreg) at dei vil tre ut av avtalen og hennar pliktar. Parten/Partane sine pliktar vil da bli avslutta ved utgången av budsjettåret som følgjer etter det året kor avtala blir seie opp. Dette medfører at avtalen må seies opp i perioden april – september 2004, og vil kunne endeleg bli avslutta ved utgangen av 2005.

Det er registrert få brukare av Loran C etter at NELS vart erklært operativt. NELS-sekretariatet, som er admininstrert av Forsvarets tele- og datatjeneste, opplyste i 1998 at fleire hundre mottakarar vart oppgradert etter omlegginga av NELS-kjedene i 1995, og at det i gjennomsnitt er selt om lag 50 Loran C mottakarar årleg. Det er ikkje grunnlag for å tro at desse forhold har endra seg vesentleg i dei seinare år. I sum gjer dette grunn til å tru at det er få brukare av systemet.

Det amerikanske satelittnavigasjonssystemet GPS (Global Positioning System) er det system som har størst utbreiing i dag. GPS har ein høgare grannsemd enn Loran C. Mottakarane for signala fra GPS er både billegare og enklare i bruk enn tilsvarande mottakarutstyr for Loran C.

Det har i lengre tid vore arbeide med å finne integrerte bruksmåtar for Loran C og GPS for å sjå på moglegheita for å utnytte det beste ved dei to systema. Loran C-systemet si kapasitet kan brukast til å sende ut korreksjonsdata for GPS, slik at ein oppnår større grannsemd. Det er i dag likevel ikkje utvikla praktisk brukbare mottakarar.

Det er også teknisk grunnlag for å bruke Loran C som eit støttesystem/lokalt element i satellittsystemet Galileo, som er det europeiske satelittnavigasjonssystemet som EU planlegger å utvikle. Utviklinga av dette systemet er ikkje avslutta, og det er heller ikkje treft noe endeleg vedtak om oppretting av et europeisk satelittnavigasjonssystem. Det er likevel andre moglege lokale element som vil kunne brukast til å sende ut korreksjonsdata, til dømes radiofyr (som i dag brukas til utsending av DGPS-signal), mobiltelefonnett med vidare. Danmark varsla allereie i 1999 at dei ville tre ut av avtala ved hennar utløp. Tyskland varsla på møtet i mai 2001 at den tyske regjeringa ikkje ser behov for eit bakkebasert radionavigasjonssystem som Loran C, og at intensjonen derfor er å trekkje seg ut av NELS-avtala ved hennar utløp. Nederland har teke samme standpunkt som Noreg, nemleg at dei vil trekkje seg ut av Loran C ved avtala si utløp under føresetnad av at det mellombels ikkje skjer ein radikal endring i bruken av systemet.

For 2001 er det løyva 34,1 mill kroner til dekning av driftsutgifter og utvikling av Loran C. På bakgrunn av at systemet har få brukare har Regjeringa derfor sett det som rett å varsle at systemet ikkje vil bli drevet vidare, så sant det ikkje skjer ein radikal endring i bruken av systemet før 2004.