Historisk arkiv

28.05.2001 Unummererte spørsmål, frå Kristelig Folkepartis stortingsgruppe, av 15.5.2001, vedrørende Revidert Nasjonalbudsjett 2001

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Finansdepartementet

Finansdepartementet
28.05.2001
Vårt saksnr: 01/2199

Unummererte spørsmål, frå Kristelig Folkepartis stortingsgruppe, av 15.5.2001, vedrørende Revidert Nasjonalbudsjett 2001

"Etter kva fagleg tilråding og på kva fagleg grunnlag har Regjeringa teke avgjerd om ikkje å vidareføre norsk deltaking i det nordvest-europeiske Loran C-samarbeidet?"

Svar:

Avtala om Loran-C samarbeidet trådde i kraft 2. april 1994. Avtala fastslår at ti år etter avtala trer i kraft kan Parten/Partane, i løpet av dei første seks månadene av det ellevte året, skriftleg meddele depositar-landet (som er Noreg) at dei vil tre ut av avtala og tilhørande plikter. Partane sine plikter vil da avslutte ved utgangen av det budsjettåret som følgjer etter det året oppsigelsen er lagt fram. Dette medfører at avtala må seies opp i perioden april - september 2004, og vil da endeleg kunne avsluttes ved utgången av 2005.

Det er registrert få brukarar av Loran C etter at NELS vart erklært operativt. NELS-sekretariatet, som er administert av Forsvarets tele- og datatjeneste, opplyste i 1998 at fleire hundre mottakarar vart oppgradert etter omlegginga av NELS-kjedene i 1995, og at de seinare år er solgt om lag 50 Loran C mottakare i året. Det er ikkje grunnlag for å tro at tala har endra seg vesentleg dei siste åra. I sum gir dette grunn til å tro at det er få brukarar av systemet.

Det amerikanske satelittnavigasjonssystemet GPS (Global Positioning System) er det system som har størst utbreisle i dag. GPS har en høgare grannsemd enn Loran C. Mottakarane for signaler frå GPS er både billigare og enklare i bruk enn tilsvarande mottakarutstyr for Loran C.

Det har i lengre tid vore arbeide med å finne integrerte bruksmåtar for Loran-C og GPS for å sjå på moglegheiten for å utnytte det beste ved dei to systema. Loran C systemet si kapasitet kan brukast til å sende ut korreksjonsdata for GPS, slik at det kan oppnå større grannsemd. Det er i dag likevel ikkje utvikla praktisk brukbare mottakare.

For 2001 er det løyva 34,1 mill kroner til dekning av driftsutgifter og utvikling av Loran-C. På bakgrunn av få brukare har Regjeringa derfor sett det som rett å varsle at systemet ikkje vil bli dreve vidare, så sant det ikkje skjer ein radikal endring i bruken av systemet. Dette vil bli løpande vurdert fram til 2004.

"Meiner departementet, etter ei investering i storleiksorden 200 mill. kr. i Loran C, at det er samfunnsøkonomisk rett å avvikle det operative navigasjonssystemet?"

Svar:

Den tekniske utvikling innan navigasjonshjelpemiddel skjer raskt. I St.meld. nr. 28 (2000-2001) Fyrstasjonane – posisjon og betjening i en moderne navigasjonsinfrastruktur er det gjeve ei omtale av ulike navigasjonshjelpemiddel. Loran C har vore i drift i Noreg sidan 1960 for militære formål. Det vart frigitt for sivil bruk frå 1974, og gjorde dermed i lang tid stor nytte som navigasjonshjelpemiddel. Sidan den gang har det skjedd ei teknologisk utvikling. Det påligger styresmaktene å løpande vurdere behovet for ulike hjelpemiddel, og justere tilbod og krav i henhold til den teknologiske utviklinga. I dag har satelittnavigasjonssystemet GPS overteke som sentralt hjelpemiddel innan navigasjon. I og med at det er få brukarar av Loran-C, tyder dette på at brukerane føretrekker andre system, og det er da ikkje samfunnsøkonomisk rett å vidareføre drifta av Loran C ut over gjeldande avtaleperiode.

Dette er ei vurdering som deles av fleire av avtalepartnarane i det nordvest-europeiske Loran C-samarbeidet. Danmark varsla i 1999 at dei ville tre ut ved utløpet av avtaleperioden. Tyskland har i inneverande år varsla det same. Nederland har same holdning som Noreg, nemleg at ein vil gå ut av avtala dersom bruken av systemet ikkje endrar seg radikalt fram til 2004.

"Eg ynskjer også ei forklaring på kvifor konklusjonane i St.prp. nr. 1 (2000-2001) og St.prp. nr. 84 (2000-2001) er ulike"

Svar:

I St.prp. nr 1 (2000-2001) for Fiskeridepartementet blir det informert om ulike alternative bruksområde for Loran C som er under utgreiing. Som tidlegare omtalt har det vore ein utgreiing av grunnlaget for å bruke Loran C og GPS som eit integrert system, men ein har hittil ikkje lykkast med å utvikle praktisk brukbare mottakarar. I tillegg til dette vurderer nå fleire av medlemslanda å seie opp avtala. Dermed minskar også moglegheita for at Loran C blir nytta som eit ledd i det moglege europeiske satelittnavigasjonssystemet, kalla Galileo. I St.meld. nr. 28 (2000-2001) vart det derfor varsla om at Fiskeridepartementet vil ta ein vurdering av Loran C i forhold til framtidig engasjement med elektroniske navigasjonshjelpemiddel. Det er konklusjonen av vurderinga som kjem fram i St.prp. nr 84 (2000-2001).

"Har Regjeringa vurdert tilkopling/backup av eit permanent kontrollsenter for Loran C i Bø opp mot andre navigasjonskjeder i nordområda?

Svar:

Kontrollsenteret i Bø er vurdert opp mot en samankopling av Loran C og det russiske Chayka-systemet. I og med at bruken av Loran C er begrensa har Regjeringa komme fram til at dette ikkje vil være ei tilfredsstillande løysning.