Historisk arkiv

28.5.01 Svar på spm. nr. 14 og 15 fra Kystpartiet, av 22.5.01

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Finansdepartementet

Vedrørende Revidert Nasjonalbudsjett 2001

Finansdepartementet
Vårt journalnr: 01/2213

Spørsmål nr. 14 og 15, frå Kystpartiet, av 22. mai, vedr. Revidert nasjonalbudsjett 2001

Spørsmål nr. 14
"Kva vert verknaden og budsjettverknaden i 2001 om avskrivingssatsane vert auka frå 14 % til 20% for skip og fiskefartøy?"

Spørsmål nr. 15
"Kva regelendringar må gjerast og kan departementet hjelpa oss i å utforma regelteksten i høve til auking av avskrivingssatsen?"

Svar:
Innleiingsvis vil departementet vise til at spørsmålet er forstått slik at den høgare avskrivingssatsen berre skal gjelde skip og fiskefarty i fiskeri- og skipsnæringa.

Ein auke i avskrivingssatsane for alle driftsmidla i saldogruppe e (skip og riggar mv.) frå 14 til 20 pst. f.o.m. inntektsåret 2001 ville gje eit samla provenytap på om lag 90 mill. kroner i årsverknad og nær null på 2001-budsjettet. Det finst ikkje tal for avskrivingsgrunnlaget for riggar åleine, og det er difor ikkje mogleg å rekna på verknaden for skip og fiskefarty åleine.

Provenyanslaget er usikkert.

Sidan saldogruppe e i skattelova § 14-41 fyrste ledd også omfattar andre driftsmiddel enn dei spørsmålet gjeld, er det enklast å gjennomføra endringa med eit tillegg til skattelova § 14-43 anna ledd ny bokstav d. Ein slepp då å oppretta ei eiga saldogruppe for desse driftsmidla.

I lov av 26. mars 1999 nr. 14 gjøres følgjande endring:

Skatteloven § 14-43 anna ledd ny bokstav d skal vera:

d. skip og fiskefartøy som omfattes av første ledd e. Saldo for disse driftsmidlene kan avskrives med inntil 20 prosent. Departementet kan gi forskrift til utfylling og gjennomføring av denne bestemmelse.

VEDLEGG