Historisk arkiv

28.5.01 Svar på spm. nr. 16 og 17 fra Kystpartiet, av 22.5.01

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Finansdepartementet

Vedrørende Revidert Nasjonalbudsjett

Finansdepartementet
Vårt journalnr: 01/2216

Spørsmål nr. 16 og 17, frå Kystpartiet, av 22. mai, vedr. Revidert nasjonalbudsjett 2001

Spørsmål nr. 16
"Kva vert den årlege verknaden og kva vert budsjettverknaden i 2001 om ein innfører ein regel om at fiskebåtreidararne kann få setja av inntil 30% av skatteresultatet frå drifta av båten i eit ikkje-skattlagt fond i inntil 5 år?"

Spørsmål nr. 17
"Kva regelendringar må gjerast og kan departementet hjelpa oss i å utforma regelteksten i høve til innføringa av ein slik fondsavsetnad?"

Svar:
Provenyverknaden av den skisserte avsetningsordninga kan reknast ut på grunnlag av gjennomsnittleg regnskapsmessige overskot (resultat før skatt) i 1999, som er utrekna av Budsjettnemda for fiskerinæringa. Det regnskapsmessige resultatet kan avvike frå det skattemessige resultatet som gjer at utrekningane er usikre.

Den skisserte modellen er så lempeleg at det er naturleg å legge til grunn at dei fleste reiarlaga som går med overskot vil nytte ordninga. Dersom ein legg til grunn gjennomsnittleg resultatet i 1999, og at om lag 80 pst. av reiarlaga som går med overskot nyttar seg av ordninga, vil det bli avsett vel 100 mill. kroner i den skisserte avsetningsordninga. Provenyverknaden det første virkeåret vil dermed bli om lag 30 mill. kroner. Når ordninga har virka nokre år, og fonda bygges opp, vil eventuelle skattefritak for avkastninga i fondet gje eit aukande provenytap.

Provenyanslaget er svært usikkert.

Det er lagt til grunn at ordninga skal omfatta eigarne av fiskefartøy når fartyet blir nytta i fiskeriverksemd. Ein har også lagt til grunn at midlane skal skattleggjast når de takas ut av fondet, og seinast etter 5 år. Ei ordning som nemnt må fyllast ut med nærmare reglar i forskrift. Ein legg opp til at departementet skal ha slik heimel. Lovforslaget kan utformast slik:

I lov om skatt av formue og inntekt (skatteloven) av 26. mars 1999 nr. 14 gjørest fylgjene endring:

Ny § 8-7 skal lyde:

§ 8-7 Fondsavsetning for eiere av fiskefartøy

  1. Skattyter som driver fiskerivirksomhet med eget fiskefartøy, eller som leier ut slikt fartøy til andre som benytter fartøyet i fiskerivirksomhet, kan kreve fradrag i alminnelige inntekt for avsetning til fond etter reglene i denne bestemmelse.
  2. Avsetningen er begrenset oppad til 30 pst. av årets alminnelige inntekt av virksomhet som nevnt i foregående ledd.
  3. Krav om avsetning må fremmes innen utløpet av selvangivelsesfristen.
  4. Beløp som det er gitt fradrag for etter bestemmelsene foran, skal legges til skattyterens inntekt for det året midlene disponeres, og senest ved ligningen for det femte året etter at det ble gitt fradrag for beløpet.
  5. Departementet gir forskrift til utfylling og gjennomføring av denne bestemmelse.
VEDLEGG