Historisk arkiv

28.5.01 Svar på spm. nr. 18 og 19 fra Kystpartiet, av 22.5.01

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Finansdepartementet

Vedrørende Revidert Nasjonalbudsjett 2001

Finansdepartementet
Vårt journalnr: 01/2216

Spørsmål nr. 18 og 19, frå Kystpartiet, av 22. mai, vedr. Revidert nasjonalbudsjett 2001

Spørsmål nr. 18
"Kva vert den årlege verknaden og kva vert budsjettverknaden i 2001 om ein innfører ei ordning der det vert gjeve høve for fiskebåtreidarar å utsetja inntektsføringa av vinst på sal av farty inntil reidarlaget har kjøpt nytt farty. Det er en føresetnad at vinsten vert nytta til kjøp av nytt farty innan tri år og at reidarlaget kjøper nytt fiskefarty."

Spørsmål nr. 19
"Kva regelendringar må gjerast og kan departementet hjelpa oss i å utforma regelteksten i høve til innføringa av ei ordning som nenmd i spursmål 18?"

Svar:
Departementet manglar naudsynt informasjon for å rekne på provenyverknaden av å innføre særskilde gevinstskattereglar for fiskebåtreiarar. Det gjeld mellom anna informasjon om kor mange farty som blir seld kvart år, den gjennomsnittlege skattepliktige gevinsten ved sal av fiskefarty, kor lang tid det tar før ein ny båt blir kjøpt og ev. skattepliktig gevinst av reiskapen til båten dersom denne skal inntektsførast i tråd med gjeldande reglar. Vidare må ein også ta omsyn til at gevinsten ved sal av fiskebåtar etter gjeldande reglar uansett ikkje må inntektsførast straks, men blir avsett på gevinst- og tapskonto.

Det er grunn til å tru at dei fleste reiarane normalt vil erstatta sin gamle båt så raskt som mogleg, og at verknaden av ei ordning som foreslått derfor vil vere beskjeden. På andre sida tyder informasjon frå Statens Nærings- og Distriktutviklingsfond (SND) og Fiskeridirektoratet på at det ofte går over eit årsskifte før eit seld farty blir erstatta av eit nytt. Det gjeld særleg større farty som kan ha lengre prosjektering og byggjeperiode. Dei påløpne reduksjonane i skatteinntektene i 2001 kan difor vere store, sjølv om den reduserte skatten i dei fyste åra vil bli motsvara av høgare skatteinntekter i seinare år (dvs. ein skatteutsetting/skattekreditt). Det skyldast at ein har lagt til grunn at den delen av prisen på ein ny båt som skriv seg frå det utsette gevinstoppgjøret ikkje skal inngå i kostprisen (avskrivingsgrunnlaget) for den nye båten, slik at nettoinntekta på det nye fartyet dermed blir høgare.

Departementet har vidare lagt til grunn at gevinstoppgjøret skjer med tilbakeverkande kraft (inkl. renter) dersom vilkåret om kjøp av nytt farty ikkje vart oppfylt.

Ein regel som nemnt kan utformast slik:

I lov om skatt av formue og inntekt (skatteloven) av 26. mars 1999 nr. 14 gjørest fylgjene endring:

Ny § 14-72 skal lyde:

§ 14-72 Betinget skattefritak ved realisasjon av fiskefartøy

  1. Gevinst ved realisasjon av fiskefartøy som er omfattet av saldogruppe e, jf. § 14-41 første ledd, kan kreves fritatt for inntektsbeskatning i det året realisasjonen finner sted, så langt skattyteren bruker gevinsten til å erverve nytt fiskefartøy av denne art.
  2. Nytt fiskefartøy må være ervervet eller bindende avtale om erverv må være inngått innen tre år etter realisasjonsåret. Gevinsten skal fradras det nye fiskefartøyets kostpris uten å komme til fradrag ved inntektsligningen.
  3. Oppfylles ikke vilkårene for fritak som nevnt foran, skal endring av ligning foretas for gevinsten eller en forholdsmessig del av den etter ligningsloven § 9-5 annet ledd b. Gevinsten som tilbakeføres til skattlegging skal tillegges renter etter sats som fastsettes av departementet.
  4. Departementet gir forskrift til utfylling og gjennomføring av denne bestemmelse.
VEDLEGG