Historisk arkiv

30.5.01 Svar på spm. nr. 11, 12 og 13 fra Kystpartiet, av 22.05.01

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Finansdepartementet

Vedrørende Statsbudsjettet 2001

Finansdepartementet
Vårt saksnr: 01/2213

Spørsmål nr. 11,12,13, frå Kystpartiet av 22.05.2001, vedr. Statsbudsjettet 2001

Spursmål nr. 11
Kva vert verknaden og budsjettverknaden i 2001 om hyre frå skipsnæringa og fiskerinæringa vert friteken frå skatt (stats-, fylkes- og kommuneskatt) med verknad frå 1. juli 2001?

Spursmål nr. 12
Kva vert verknaden og budsjettverknaden i 2001 om fylka og kommunane får kompensert for det inntektstap som fylgjer av skattefritaket?

Spursmål nr. 13
Kva regelendringar må gjerast, og kan departementet hjelpa oss i å utforma regelteksten for å gjennomføra dei endringane som er nemnde i spursmål 11 og 12?

Svar:
23. august 2000 innførte Danmark ei såkalla nettolønsordning for sjøfolk på skip registrert i dansk internasjonalt skipsregister (DIS). Ordninga inneber at danske sjøfolk i utanriksfart er fritekne for skatteplikt til Danmark og at løn frå reiarane vert tilsvarande redusert.

Den danske ordninga fører til ei skattemessig favorisering av danske i høve til utanlandske sjøfolk på DIS-skip. Spørsmålet har blitt tatt opp på nordisk plan der ein er samde i at dette kan sjåast som ledd i ei uheldig skattemessig konkurranse mellom landa. Ein har mellom anna drøfta om det er mogleg å gjere den danske ordninga meir restriktiv, noko som vil redusere naudsynet for tilsvarande ordningar i dei andre landa. I OECD pågår det og eit arbeid for å definere kva som kan tolkast som skattekonkurranse. Ein kan ikkje utelukke at særskilde skattefritak for sjøfolk blir vurdert som ledd i skadeleg skattekonkurranse og dermed ikkje er akseptabelt etter OECD sine retningslinjer.

Det blir lagt til grunn at spørsmålet om verknadene av skattefritak på hyre frå skips- og fiskerinæringa skal gjelde alle typar skip og båtar i innanriks- og utanriksfart uavhengig av register (ikkje flyttbare borefartøy). Vidare er det lagt til grunn at endringane berre skal gjelde norske sjøfolk og fiskarar som er lønsmottakarar, dvs. at det ikkje vert endra skattlegging av fiskarar som er personleg næringsdrivande og kjem under delingsmodellen (m.a. lott mottakarar). Endeleg er det lagt til grunn at ordninga gjeld fritak for skatt på alminneleg inntekt, trygdeavgift og eventuell toppskatt, og at desse fritaka erstattar dagens minstefrådrag, personfrådrag, frådrag for sjømenn og fiskarar mv. Ein gjer merksam på at dette er ei mykje meir omfattande ordning enn den danske ordninga som berre gjeld danske sjømenn i utanriksfart.

Tabellen nedanfor viser eksempel på utlikna skatt for ein vanleg norsk lønnstakar og for ein sjømann/fiskar med hyre etter 2001-reglar, og etter forslaget om nettoløn. I tabellen er det rekna ut skatt for ulike eksempelnivå på hyre/bruttoløn. Det er lagt til grunn at skattytaren ikkje har anna inntekt enn arbeidsinntekt, ikkje har formue og berre har standardfrådrag.

Utrekna skatt for vanleg arbeidstakar og sjømann/fiskar etter 2001-reglar og etter forslaget 1)>. Kroner. 2001

2001-reglar

Forslaget

Bruttoløn/
hyre mm

Vanleg skattytar

Sjømann/fiskar

Sjømann/fiskar

150 000

36 400

23 800

0

200 000

52 300

35 500

0

250 000

70 200

50 600

0

300 000

89 500

69 900

0

350 000

114 200

94 600

0

400 000

138 800

119 200

0

450 000

163 500

143 900

0

Kjelde: Finansdepartementet.
1)> Tala er avrunda til nærmaste 100 kroner.

For å rekne på den samla provenyverknaden av forslaget, treng ein mellom anna opplysningar om talet på sjømenn og fiskarar som er tilsette, kor mange som har det som hovedyrke, gjennomsnittleg hyresinntekt mv.

Statistikk for norske sjøfolk viser at det var om lag 18 300 nordmenn som arbeidde på norske skip i 2000, og at desse hadde ei gjennomsnittleg brutto årsløn på om lag 315 000 kroner. Når det gjeld fiskarar vil dei aller fleste bli rekna som næringsdrivande og vil derfor ikkje bli omfatta av forslaget. Tal frå Statistisk sentralbyrå sitt Lønns- og trekkoppgaveregister (LTO) viser at mannskap på fiske-, småhvalfangst- og selfartøy mottok hyre (dvs. lønnsinntekt) på til saman 400 mill. kroner i 1999, jf. kode 144 i LTO-registeret. Til samanlikning blei det rapportert inn nær 3,2 mrd. kroner som "lott eller part (inkl. minstelott) til fiskarar", jf. kode 446 i LTO-registeret. Det er vanleg at fiskarane som motek hyre har lott i tillegg til hyra.

På bakgrunn av desse tala kan forslaget om å frita sjøfolk og fiskarar frå skatt på lønnsinntekt (hyre for fiskarar) på usikkert grunnlag reknast ut til å gi reduserte skatteinntekter på vel 1,5 mrd. kroner i årsverknad. Når endringa skal gjelda frå og med 1.7.2001 vil dei påløpne skatteinntektene i 2001 reduserast med vel 750 mill. kroner. Verknaden på 2001 budsjettet vil vere tilnærma null sidan forskotstrekket for 2001 allereie er utskrive.

Av ein samla årsverknad på 1,5 mrd. kroner i stats-, kommune og fylkesskatt utgjer reduserte skatteinntekter til kommunar om lag 400 mill. kroner og til fylkeskommunar om lag 230 mill. kroner.

Forslaga som nemnt i spørsmål 11 og 12 kan gjennomførast ved å gjere følgjande endringar i lov av 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven):

I

§ 5-15 første ledd ny bokstav m skal lyde:

fordel vunnet ved arbeid som ikke er virksomhetsinntekt om bord i skip og ved arbeid i form av fiske.

II

Endringa under I trer i kraft straks med verknad frå og med 1. juli 2001. Departementet kan gi overgangsregler, medrekna regler om avkorting av minstefrådrag og personfrådrag.

VEDLEGG