Historisk arkiv

30.5.01 Svar på spm. nr. 5, 6 og 7 fra Kystpartiet, av 22.5.01

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Finansdepartementet

Vedrørende Statsbudsjettet 2001

Finansdepartementet
Vårt saksnr: 01/2213

Spørsmål nr. 5, 6 og 7 frå Kystpartiet av 22.05.2001, vedr. Statsbudsjettet 2001

Spursmål nr. 5
Kva var resultatet på (overskottet) på produktavgiftsordninga i åra 1997, 1998, 1999 og 2000?

Spursmål nr. 6
Kva vert verknaden og budsjettverknaden i 2001 om produktavgifta vert minka frå 3,8 til alternativa:

a) 3,4 (for heile året)
b) 3,2 (frå 1. juli 2001)

Spursmål nr. 7
Kva regelendringar må gjerast og kan departementet hjelpa oss å utforma regelteksten for alternativa a) 3,4 og b) 3,2?

Svar:

5.Resultatet på produktavgiftsordninga 1997-2000
Resultatet på produktavgiftsordninga i årene 1997-2000 er vist i tabellen under.

Kostnader knytte til produktavgift og innbetalingar til Rikstrygdeverket. Mill. kroner.

1997

1998

1999

2000

samla
1997-2000

Innbetalt
produktavgift

285

354

320

331

1 289

Kostnader

324

329

351

370

1 374

Skilnad

-39

25

-31

-40

-85

Tabellen viser at det i alle åra med unntak av 1998 vart betalt inn mindre midlar enn kva kostnadene utgjorde. Innbetalingane over dei fire åra utgjorde om lag 84 millioner kroner mindre enn kostnadene, eller omlag 6,1 pst. av dei samla kostnadene i perioden.

Ein gjer merksam på at innbetalingane frå Fiskeridirektoratet vil ha eit etterslep som gjer at periodiseringa av desse kan variere over dei ulike åra. Det har samanheng med at innbetalingane frå Fiskeridirektoratet i det vesentlege representerer produktavgift frå fartøy som produserer ombord. Denne fartøygruppa er av oppgjerstekniske grunnar gjeven noko romslegare fristar. Dette har verknad på fordelinga av produktavgift mellom dei ulike år.

Det kan også vera eit etterslep når det gjeld avgift frå dei reiarane som vel å lagre fangst medan dei ventar at prisane skal auke, før dei melder fangsten sin inn for sal. På det viset kan fangst bli registrert av salslaget først året etter at den vart fiska.

6.Verknaden og den budsjettmessige verknaden om produktavgifta vert endra frå 3,8 pst. til hhv. 3,4 og 3,2 pst:
a) Fiskeridepartementet har rekna ut at verknaden av å redusere produktavgifta frå 3,8 til 3,4 pst. for heile året isolert sett vil gje eit underskot på om lag 30 mill kroner. Utrekningane er gjort med utgangspunkt i Fiskeridirektoratet sine prognosar. Det understrekast at det vil vere praktisk umogeleg å gjera endringar i satsen med tilbakeverkande kraft, noko som inneber at ordninga tidlegast kan gjennomførast frå 1.7.2001. Verknaden på 2001-budsjettet utgjer etter dette om lag 15 mill. kroner.

b) Tilsvarande er verknaden av å redusera produktavgifta til 3,2 pst. utrekna til å gje eit underskot på om lag 60 millioner kroner i årsverknad. Verknaden på 2001 budsjettet blir dermed om lag 30 mill. kroner.

7.Regelendringar som må gjerast
Forslaga som nemnt ovanfor kan gjennomførast ved å gjere følgjande endringar i stortingsvedtaket om produktavgifta:

Alt1) Satsen vert sett til 3,4 prosent for heile året

I stortingsvedtak av 28.11.2000 nr 1243 om produktavgift til folketrygden for fiskeri-, hval- og selfangstnæringen for 2001 gjøres følgende endring:

Romertall II første ledd skal lyde:

Produktavgiften skal være 3,4 prosent for 2001.

Alt 2) Satsen vert sett til 3,2 prosent frå 1. juli 2001

I stortingsvedtak av 28.11.2000 nr 1243 om produktavgift til folketrygden for fiskeri-, hval og selfangstnæringen for 2001 gjøres følgende endring:

Romertall II første ledd skal lyde:

Produktavgiften skal frem til 1. juli 2001 være 3,8 prosent. Fra dette tidspunkt skal avgiften være 3,2 prosent.

VEDLEGG