Historisk arkiv

Aldersgrense for spel på gevinstautomatar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

I forbindelse med oppretting av Lotteritilsynet i Førde fra 1. januar 2001 har regjeringen vedtatt endringer i lotteriloven. Det blir blant annet 18 års aldersgrense for spill på gevinstautomater. Samtidig foreligger nå en midlertidig forskrift om lotterivirksomhet om bord på norske skip i rute mellom norsk og utenlandsk havn. Les pressemeldingen her.

Pressemelding

Nr.: 93-2000
Dato: 21.12.2000
Kontaktperson: Eivind Tesaker (22 24 54 67), Tone Marit Stensrud (22 24 54 35)

Aldersgrense for spel på gevinstautomatar

Spel på gevinstautomatar vert frå 1. januar 2001 berre lovleg for personar som har fylt 18 år. Samstundes vert Lotteritilsynet oppretta i Førde som eit nytt kontrollorgan for spel- og lotterimarknaden.

Stortinget fatta 23. november 2000 vedtak om endringar i lotterilova. Der vert aldersgrensa på 18 år fastsett for spel på automatar som gjev gevinst i form av pengar eller verdibevis. Med heimel i dei nye reglane er det òg fastsett føresegner om verksemda til Lotteritilsynet. Samstundes vert det opna for at eit lotteri ikkje treng løyve når grensa for loddsal er under 100.000 kroner, og for at alkohol kan brukast som gevinst i private smålotteri.

Lotteritilsynet skal kontrollere lotteriverksemd i heile landet, og skal opprette eit lotteriregister som mellom anna skal innehalde oversyn over aktørane som driv lotteriverksemd. Gevinst- og underhaldningsautomatane som er lovlege, skal òg kontrollerast. Verksemda til Lotteritilsynet finansierast ved gebyr som vert pålagt aktørane i lotteri- og spelemarknaden.

Det vert òg oppretta ei Lotterinemnd som skal handsame klager over vedtaka til Lotteritilsynet i første instans. Nemnda har tre medlemer og tre varamedlemer som er oppnemnde for fire år frå 1. januar 2001. Leiar for nemnda er Ruth Anker Høyer, til dagleg dommar ved Oslo byrett. Departementet kan ikkje instruere nemnda i den einskilde sak.

Frå 1. januar overtek Kulturdepartementet det overordna ansvar for forvaltning av lotterilova og Lotteritilsynet.

Justisdepartementet melder samstundes om at det no finst ein mellombels føreskrift om lotteriverksemd om bord på norske skip i rute mellom norsk og utanlandsk hamn.

Lotteritilsynet, Lotterinemnda og Lotteri-registeret - sanksjon og ikraftsetting av lov-endringer, fastsetting av forskrift m.m.

Midlertidig forskrift om lotterivirksomhet om bord på norske skip i rute mellom norsk og utenlandsk havn