Historisk arkiv

Åsta-kommisjonen legg fram rapport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Pressemelding

Nr.: 69-2000
Dato: 1.11.2000
Kontaktperson: Espen Strai, informasjonsenheten, 22 24 51 41

Åsta-kommisjonen legg fram rapport

Måndag 6. november 2000 kjem Åsta-kommisjonen med sin rapport. Då vil justisminister Hanne Harlem få overrekt sluttrapporten etter togulukka.

Etter ulukka på Rørosbana 4. januar i år sette regjeringa ned ein kommisjon leia av lagdommar Vibecke Groth for å granske omstenda kring togulukka.

I samband med overleveringa vil leiaren av kommisjonen gje ei framstilling av innhaldet i rapporten. Pressa vil få høve til å stille spørsmål etter framstillinga.

Samstundes med overleveringa vil kommisjonen gje ut ei pressemelding med ei kort samanfatning av innhaldet. Rapporten vil òg vere tilgjengeleg på internett under Justisdepartementet sine heimesider på odin.dep.no/jd frå same tidspunkt.

Overleveringa finn stad klokka 11.00 i Plenumssalen (bygning R4), regjeringskvartalet i Oslo. Adressa er Einar Gerhardsens plass 1.