Historisk arkiv

Atle Hamar direktør for Lotteritilsynet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Pressemelding

Nr.: 42-2000
Dato: 07.07.2000

Atle Hamar direktør for Lotteritilsynet

Atle Hamar vart i statsråd i dag utnemnd til direktør for det nye Lotteritilsynet.

– Jeg er meget fornøyd med at vi har fått en dyktig og erfaren person til direktørstillingen. Vi har stor tro på at Atle Hamar er rett mann til å bygge opp og lede det nye Lotteritilsynet. Han har god kjennskap til lotterimarkedet. Opprettelsen av Lotteritilsynet er viktig for å gi nødvendig oppfølging av spill- og lotterimarkedet, seier justisminister Hanne Harlem.

Lotteritilsynet skal vere operativt 1. januar 2001, og vert plassert i Førde i Sogn og Fjordane. Tilsynet skal ha tilsynsmyndigheit overfor dei private lotteria og føre kontroll med både dei private lotteria og dei statlege spela. Lotteritilsynet skal sikre at spel- og lotterimarknaden utviklar seg i samfunnsmessige trygge former og sjå til at ein størst mogeleg del av omsetjinga går til humanitære eller samfunnsnyttige føremål.

Atle Hamar (37) er adjunkt, og har vore statssekretær i Justisdepartementet frå mars 1999 til mars 2000. Han har tidlegare mellom anna vore politisk rådgjevar i Samferdselsdepartementet og distriktsarbeidssjef ved arbeidskontoret i Førde.

Kontaktperson:
Underdirektør Per Andersen, tlf 22 24 57 21