Historisk arkiv

Endringar i lov om erstatning ved pasientskader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Justis- og politidepartementet

26.05.00: Pasientskader ved apotekverksemd skal dekkjast på same vilkår som andre pasientskader. Dette foreslås i ny lov om pasientskader som Regjeringa fremja i statsråd i dag.

Pressemelding

Nr.: 32-2000
Dato: 26.05.00

Endringar i lov om erstatning ved pasientskader

Pasientskader ved apotekverksemd skal dekkjast på same vilkår som andre pasientskader. Dette foreslås i ny lov om pasientskader som Regjeringa fremja i statsråd i dag.

Regjeringa går i Ot.prp. 55 (1999-2000) inn for å endre eit tidlegare lovframlegg om ny lov om erstatning ved pasientskader (Ot.prp. 31 (1998-99)).

I tilleggsproposisjonen foreslår Regjeringa at den nye lova vert tilpassa helselovreforma som er vedteke etter at det første lovframlegget vart fremja.

Dei konkrete endringane inneheld einskilde tekniske tilpassingar til noverande helselovreform, samt at pasientskader som følgje av apotekverksemd, til dømes feilekspedisjonar, skal dekkjast på same vilkår som andre pasientskader.

Lovframlegget frå 1998 har ikkje vore handsama i Stortinget enno fordi sosialkomiteen ønskja å vente på tilleggsframlegget og handsame begge framlegga samstundes.

Kontaktperson: Lovrådgjevar Hedda Remen (22 24 53 79)