Historisk arkiv

Fleire forbod mot våpen og våpenkopiar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Regjeringa har gjort framlegg om fleire endringar i våpenlova. Målsetjinga er å førebyggje ulovlege handlingar og ulukker med skytevåpen. Eit av framlegga er ei justering av forbodet mot å bære våpen på offentleg stad. Forbodet justerast no slik at dette òg råkar den som utan aktverdig grunn har med seg skytevåpen i køyrety. Forbodet omfattar no òg luft- og fjærvåpen og våpenetterlikningar.

Pressemelding

Nr.: 74-2000
Dato: 24.11.2000

Kontaktperson: Underdir. Steinar Talgø, tlf 22 24 52 52

Fleire forbod mot våpen og våpenkopiar

Regjeringa har i dag gjort framlegg om fleire endringar i våpenlova. Målsetjinga er å førebyggje ulovlege handlingar og ulukker med skytevåpen.

Eit av framlegga er m.a. ei justering av forbodet mot å bære våpen på offentleg stad. Forbodet justerast no slik at dette òg råkar den som utan aktverdig grunn har med seg skytevåpen i køyrety. Forbodet omfattar no òg luft- og fjærvåpen og våpenetterlikningar.

Regjeringa gjer samstundes framlegg om ei justering av straffeføresegnene i våpenlova for å klargjere at rådvelde av skytevåpen, utan omsyn til om våpna er tileigna sivilrettsleg, kan omfattast av dei strengare straffeføresegnene. I slike høve vert strafferamma bøter eller fengsel i inntil fire år.

Kontrollreglar og straffeføresegner er ikkje åleine tilstrekkeleg for å hindre ulovleg spreiing og bruk av skytevåpen. Regjeringa gjer difor framlegg om særskild heimel for gjennomføring av eit tidsavgrensa nasjonalt våpenamnesti og framlegg om heimel til etablering av eit sentralt, elektronisk våpenregister.

Endringane framgår i Ot.prp 21 som no tilgjengeleg på www.odin.dep.no under heimesidene til Justisdepartementet.

Ein gjer samstundes merksam på at Politidirektoratet no har heimel til oppfølgjinga av m.a. våpenlova.