Historisk arkiv

Forenkla førelegg på sjøen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Småbåtførarar som ikkje har med redningsvestar, bryt fartsgrensene eller ikkje held seg unna badestrender, risikerer neste år forenkla førelegg. Framlegget om forenkla førelegg på sjøen vart vedteke i statsråd i dag.

Pressemelding

Nr.: 51-2000
Dato: 01.09.2000
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Hans Sverre Sjøvold, tlf 22 24 53 40

Forenkla førelegg på sjøen

Småbåtførarar som ikkje har med redningsvestar, bryt fartsgrensene eller ikkje held seg unna badestrender, risikerer neste år forenkla førelegg. Framlegget om forenkla førelegg på sjøen vart vedteke i statsråd i dag.

Både tollvesenet og politiet kan skrive ut forenkla førelegg. I særs grove høve vert saka handsama av påtalemakta.

Førebels er ikkje nivået på dei forenkla førelegga vedteke. Føreskriften om satsane skal handsamast seinare i haust.

I framlegget til føreskrift vert det til dømes lagt opp til at ein båtførar skal få 500 kroner i forenkla førelegg per manglande redningsvest, men ikkje meir enn 5000 kr totalt. Er det fleire enn 10 personar utan vest i ein båt, vert saka meld av politiet.

Etatane kan skrive ut forenkla førelegg for bruk av uregistrerte båtar, og ved manglar eller feil bruk av lanterne.

Ein som fører fritidsbåt, småbåt, seglbåt eller seglbrett i høgare fart enn 5 knop innanfor ein avstand på 50 meter frå stader der det vert bada, må betale 1500 kr om framlegget til føreskrift vert vedteke.

Dei endelege satsane skal vere klåre i haust.

Lovendringa gjeld frå 1. januar 2001.