Historisk arkiv

Forskrift til personopplysningslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Regjeringa har vedteke forskrift til lov om personopplysingar, der det mellom anna vert oppretta eit sentralt reservasjonsregister for direkte marknadsføring. Det inneber at folk kan sperre namnet sitt mot bruk i direkte marknadsføring gjennom ulike media, som til dømes post, faks, e-post og telefon.

Pressemelding

Nr.: 86-2000
Dato: 15.12.2000
Kontaktperson: Byråsjef Ann Torhild Døvre (22 24 56 65)

Forskrift til personopplysingslova

Regjeringa har i dag vedteke forskrift til lov om personopplysingar, der det mellom anna vert oppretta eit sentralt reservasjonsregister for direkte marknadsføring. Det inneber at folk kan sperre namnet sitt mot bruk i direkte marknadsføring gjennom ulike media, som til dømes post, faks, e-post og telefon.

Forskrifta er både ei lovfesting av gjeldande rett og den praksis som har vorte nedfelt til dømes når det gjeld informasjonstryggleik. Men det vert òg innført eit nytt regelverk.

I påvente av ny lovgjeving om kredittopplysingsverksemd held ein fram med dei gjeldande materielle reglane på dette området, men med ei tilpassing til den nye lova om personopplysingar. Det sentrale reservasjonsregisteret, som òg vert etablert i medhald av forskrifta, har vore ynskt i lengre tid. Den som reserverer seg kan likevel gjere unntak for marknadsføring frå humanitære og samfunnsgagnlege organisasjonar.

Etter den nye forskrifta vert det ei omlegging frå den ordninga ein har i dag med konsesjon, til eit system med omfattande meldeplikt til Datatilsynet og ei meir avgrensa ordning med konsesjon.

Den nye forskrifta vert sett i verk frå 1. januar 2000 samstundes med den nye lova om personopplysingar.

Forskrift til personopplysningsloven (personopplysningsforskriften)