Historisk arkiv

Fri sakførsel i valdtektssak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Kvinna som har anka ein dom i Søre Sunnmøre heradsrett får fri sakførsel i ankesaka. Det har Justisdepartementet vedteke. I heradsretten vart ho dømt til å betale oppreising i ei injuriesak som gjaldt skulding om valdtekt.

Pressemelding

Nr.: 56-2000
Dato: 28.09.2000
Kontaktperson: Espen Strai, info. 22 24 51 41

Fri sakførsel i valdtektssak

Kvinna som har anka ein dom i Søre Sunnmøre heradsrett får fri sakførsel i ankesaka. Det har Justisdepartementet vedteke. I heradsretten vart ho dømt til å betale oppreising i ei injuriesak som gjaldt skulding om valdtekt.

Etter ei grundig vurdering har Justisdepartementet vedteke å gjere om avgjersla frå fylkesmannen, slik at kvinna likevel òg får innvilga fri rettshjelp i ankeomgangen. Departementet ser på saka som særs spesiell, men samstundes er ho prinsipiell.

Inntekta til søkjaren er for høg til å få innvilga fri rettshjelp etter hovudregelen om ei inntektsgrense på 170.000 kroner. Departementet har kome til at særlege omsyn likevel gjer at ein vil gje offentleg stønad til ankesaka. Ein legg mellom anna til grunn at denne saka førte til endringar i straffelova når det gjeld injuriar. Desse endringane set mellom anna grenser for erstatning for injuriar i valdtektssaker. Det skal vere mogleg å fortelje om overgrep som ein meiner å ha vore utsett for, med det formål å arbeide med reaksjonar og kjensler, utan risiko for injurie- eller erstatningssøksmål.

I vurderinga har ein tatt omsyn til at saka er av prinsipiell art og har ført til lovendring på området. Ei samla vurdering gjer difor at departementet finn det rimeleg at det offentlege gjev fri sakførsel i ankesaka.