Historisk arkiv

Handteringa av vraket av MS Sleipner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Vraket av MS Sleipner skal i utgangspunktet frigjerast for opphogging 15. januar 2001. Det har Justisdepartementet fastsett.

Pressemelding

Nr.: 79-2000
Dato: 07.12.2000

Kontaktperson: ekspedisjonssjef Knut Helge Reinskou (22 24 54 10), informasjonskonsulent Espen Strai (22 24 51 41)

Handteringa av vraket av MS Sleipner

Vraket av MS Sleipner skal i utgangspunktet frigjerast for opphogging 15. januar 2001. Det har Justisdepartementet fastsett.

Etter at vraket av MS Sleipner vart heva, har det vorte undersøkt av granskingskommisjonen og av fleire sakkunnige på oppdrag frå kommisjonen. Dessutan har Det Norske Veritas undersøkt vraket to gonger, den siste gongen saman med Corus Aluminium Walzprodukte GmbH som har produsert ei aluminiumslegering som er nytta i skipet. Føretaket Senior Engineering har undersøkt vraket ein gong på oppdrag frå advokat Kjell Steinsbø, som representerer fleire av dei overlevande og etterlatne. Senior Engineering tek sikte på ei undersøking til før jul.

Ein tar difor sikte på å hogge opp Sleipner i midten av januar neste år om det ikkje kjem fram nye omstende som talar for at ein ventar lenger, meiner departementet. Dei som ynskjer å undersøkje vraket før det vert hogd opp, kan be departementet om løyve til det.

MS Sleipner gjekk på grunn og søkk ved Ryvarden fyr nord for Haugesund 26. november 1999. 16 personar omkom. Alle dei omkomne vart etter kvart funne. Departementet sette ned ein granskingskommisjon 1. desember 1999, og granskingsrapporten vart offentleg 8. november 2000. Delar av vraket vart heva i mars 2000 medan hovuddelen av vraket vart heva i august 2000. Det siste hevingsselskapet, Eide Marine Services A/S, tek over vraket til hogging når det ikkje lenger er naudsynt med ytterlegare gransking av vraket.