Historisk arkiv

Harlem presenterer valdsoffertiltaka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

05.10.00: Justisminister Hanne Harlem vil fredag vitje "Kompetansesenter for voldsofferarbeid" på Høgskolen i Oslo. Der vil ho presentere tiltaka som Regjeringa legg fram i statsråd same dag.

Pressemelding

Nr.: 62-2000
Dato: 05.10.2000
Kontaktperson: Espen Strai, info. (22 24 51 41)

Harlem presenterer valdsoffertiltaka

Justisminister Hanne Harlem vil fredag vitje "Kompetansesenter for voldsofferarbeid" på Høgskolen i Oslo. Der vil ho presentere tiltaka som Regjeringa legg fram i statsråd same dag. Harlem vil òg vere tilgjengeleg for pressa i samband med vitjinga.

I Statsbudsjettet varsla Regjeringa at eit lovforslag vil kome i samband med tiltak for valdsoffera. Det skjer allereie i statsråd i morgon. Framlegget inneber at rettane til valdsoffera vert kraftig styrkja. Regjeringa vil mellom anna lovfeste retten til erstatning. Samstundes vil andre tiltak betre tilhøva for valdsoffera. Desse tiltaka vil Harlem gjere greie for under vitjinga. Ho vil samstundes vere tilgjengeleg for pressa.

Vitjinga finn stad klokka 13.00 på "Kompetansesenter for voldsofferarbeid", Welhavensgate 9, Oslo.