Historisk arkiv

Kreftsjuk røykar får dekka rettssak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

27.09.00: Robert Lund får fri sakførsel i saka han har reist for Orkdal heradsrett. Det har Justisdepartementet vedteke. Saka gjeld erstatning for helseskader som følgje av røyking.

Pressemelding

Nr.: 55-2000
Dato: 26.09.2000
Kontaktperson: Informasjonskonsulent Espen Strai, tlf. 22 24 51 41

Kreftsjuk røykar får dekka rettssak

Robert Lund får fri sakførsel i saka han har reist for Orkdal heradsrett. Det har Justisdepartementet vedteke. Saka gjeld erstatning for helseskader som følgje av røyking.

Etter ei grundig vurdering har Justisdepartementet vedteke å gjere om vedtaket frå fylkesmannen i Sør-Trøndelag, slik at Robert Lund får innvilga fri rettshjelp. Det er særlege høve som er årsaka til denne avgjerda. Departementet ser på saka som ei prinsipiell prøvesak om erstatningsansvaret for tobakksindustrien. Ein ønskjer difor å sikre skikkeleg sakførsel.

Etter lova om fri rettshjelp fyller ikkje søkjaren grunnvilkåra. Normalt vil samla inntekt og formue for ektefolk liggje til grunn. Departementet meiner likevel at denne saka gjeld erstatning for skade som følgje av røyking. Eit slikt personleg høve gjer at det er rimeleg å vurdere økonomien til søkjaren isolert frå økonomien til ektefellen. Det er ikkje uvanleg å gje dispensasjon frå hovudregelen ved slike omstende.

Inntekta til søkjaren er rett nok òg for høg til å få innvilga fri rettshjelp etter hovudregelen om ei inntektsgrense på 150.000 kroner. Departementet har kome til at særlege høve likevel gjer at ein vil gje offentleg stønad til rettssaka. Det er fyrste gong at ei slik sak kjem for norske domstolar, og avgjerda til domstolen kan difor ha prinsipiell interesse ut over den aktuelle saka.

I vurderinga har ein tatt omsyn til at saka gjeld personskade. Dette er eit prioritert område i lova om rettshjelp. Ein legg òg til grunn at motparten til søkjaren har store økonomiske ressursar, og saksøkjar framstår difor som den svake parten. Ein samla vurdering gjer at departementet finn det rimeleg at det offentlege gjev fri sakførsel slik at ein gjennom denne saka kan få klarleggje dei prinsipielle spørsmåla som saka reiser.