Historisk arkiv

Lov om erstatning til valdsoffera

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

06.10.00: Erstatning til valdsoffer vert lovfesta. Det har regjeringa gjort framlegg om i statsråd i dag. Maksimal utbetaling aukar frå 200.000 kroner til ein million.

Pressemelding

Nr.: 63-2000
Dato: 06.10.2000
Kontaktperson: Informasjonskonsulent Espen Strai, tel: 22 24 51 41

Lov om erstatning til valdsoffera

Erstatning til valdsoffer vert lovfesta. Det har regjeringa gjort framlegg om i statsråd i dag. Maksimal utbetaling aukar frå 200.000 kroner til ein million. Regjeringa foreslår at ordninga gjerast om, frå eit ulovfesta rettferdsvederlag til ei rett som offera skal ha. Den maksimale utbetalinga for eit skadetilfelle aukar i lovframlegget frå 200.000 kroner til ein million kroner. Regjeringa foreslår òg at reglane om storleiken på utbetalinga vert knytt tettare opp til utrekningsmåten i andre saker.

Skadevaldaren vil ha eit erstatningsansvar for handlingane sine. Men det er ikkje alltid at skadevaldaren let seg oppdrive eller er i stand til å gjere opp for seg økonomisk. I slike døme meiner regjeringa at samfunnet bør dekkje dei økonomiske tapa for valdsoffera. I dag får valdsoffera økonomisk hjelp eit stykke på veg gjennom generelle støtteordningar. Likevel er ikkje dette alltid nok. Det er her ordninga med valdsoffererstatning kjem inn.

Samstundes gjer regjeringa greie for ei rekkje andre tiltak for å betre tilhøva for valdsoffera. Til dømes vil regjeringa vurdere om valdsoffera kanfå særlege støtteordningar frå folketrygden. Andre strafferettslege tiltak tek sikte på å verne valdsoffera mot tvang og represaliar. Vidare vil ein redusere tida for sakshandsaming i straffesaker. Regjeringa gjer greie for ulike tiltak for særlege grupper som til dømes kvinner, born og dei med framandkulturell bakgrunn.

Justisdepartementet har kome til at ein ikkje bør skipa eit eige valdsofferfond. Det kan mellom anna stride mot rettskjensla hjå publikum å påleggje ein avgift til eit fond for brotsverk som har liten samanheng med føremålet til fondet. Om ein avgrenser avgiftsplikta til valdsforbrytarar, vil avgifta måtte setjast særs høgt for å dekkje utbetalinga frå fondet.

Det var 7. mars 2000 at Stortinget ba regjeringa "foreta en samlet gjennomgang av nasjonale og internasjonale tiltak som kan styrke voldsofrenes situasjon, og legge frem konkrete tiltak". Lovframlegget inneheld nettopp slike konkrete tiltak.