Historisk arkiv

Lov om overvakingstenesta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Politiet si overvakingsteneste skal no få oppgåvene sine lovfesta. Til no har tenesta vore regulert gjennom instruks. I ein odelstingsproposisjon om endringar i politilova, som Regjeringa la fram fredag, vert det og foreslått at tenesta skal skifte namn til Politiets sikkerhetstjeneste.

Pressemelding

Nr.: 87-2000
Dato: 15.12.2000
Kontaktperson: Bjørn Henrik Lund 22 24 53 15, eller Sigbjørn Sælør 22 24 53 58

Lov om overvakingstenesta

Politiet si overvakingsteneste skal no få oppgåvene sine lovfesta. Til no har tenesta vore regulert gjennom instruks. I ein odelstingsproposisjon om endringar i politilova, som Regjeringa la fram fredag, vert det og foreslått at tenesta skal skifte namn til Politiets sikkerhetstjeneste.

Forslaget bygger i store trekk på det arbeidet som er gjort i Lund-kommisjonen og i sær i Danielsen-utvalet. Lovfesting er allereie gjennomført når det gjeld dei to andre hemmelege tenestene – Forsvarets etterretningstjeneste og Forsvarets sikkerhetstjeneste.

Overvakingstenesta skal også i framtida vere et særorgan i politiet. Organet skal rapportere direkte til Justisdepartementet, ikkje til Politidirektoratet, og justisministeren skal som no vere politisk ansvarleg for tenesta.

Kjerneoppgåva skal framleis vere å førebyggje og etterforske forbrytelsar mot riket sin tryggleik og mot sabotasje, terrorisme, valdelege ekstremistgrupper, spreiing av masseøydeleggingsvåpen, ulovleg teknologioverføring og ulovleg etterretningsverksemd. Kommersiell industrispionasje skal derimot andre politiorgan ta seg av.

Overvakingstenesta skal også bli tillagt ansvar i saker som gjeld organisert kriminalitet, grove krigsbrotverk og brot mot menneskeætta. Departementet vil i så tilfelle gje nærare retningsliner for dette.

Danielsen-utvalet foreslo at ansvaret for personkontrolltenesta skulle bli overført frå Forsvarets overkommando til Politiets overvåkingstjeneste, men dette vert ikkje følgt opp av Justisdepartementet i odelstingsproposisjonen.