Historisk arkiv

Norsk svar til Torturovervåkingskomitéen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Pressemelding

Nr.: 58-2000
Dato: 09.10.2000
Kontaktperson: Underdirektør Anne Brodtkorb, Tel: 22 24 52 55

Norsk svar til Torturovervåkingskomitéen

Innsette i politiarrest skal normalt alltid få utlevert madrass og sengetøy, og snarast mogleg verte overført til ordinært fengsel. Betring av tilbodet av aktivitetar vil bli prioritert, og det vil bli laga eit informasjonshefte til alle pågripne om rettane deira. Dette er nokre av dei tiltaka norske justismyndigheiter har satt eller vil setta i verk for å kome kritikken frå Europarådet sin Torturovervåkingskomité (CPT) i møte.

Det var i september i fjor at CPT for tredje gong besøkte Noreg. Alle land som har slutta seg til Europarådet sin konvensjon mot tortur og umenneskeleg eller krenkande handsaming eller straff, vert rutinemessig vitja av komitéen.

God standard

Etter besøket konstaterte CPT at det generelt sett er god standard i norske politiarrestar, fengsel og i andre institusjonar. Komitéen mottok ingen skuldingar om tortur eller andre former for mishandling under gjestinga si. Ein merka seg også betringar på ei rekke områder sidan den føregåande vitjinga, men på enkelte punkt hadde komitéen framleis kritiske kommentarar.

Komiteen var tilfreds med at dei varetektsfengsla stort sett vert overført til vanleg fengsel innan 24 timar. I nokre tilfeller har mangel på ordinære fengselsplassar gjort dette vanskeleg. Justisdepartementet har i brev til fengselsmyndigheitene understreka at forholda må leggjes til rette for at dei varetektsfengsla blir direkte overført fra forhørsretten til fengsel, der dette er mogeleg .

Vidare ber CPT om at det umiddelbart vert sett i gang tiltak for å sikre at dei som må tilbringe natta i politiarresten, får utlevert madrassar og sengetøy. Justisdepartementet har fatta vedtak om dette. Om det av hensyn til den innsatte sin eigen tryggleik likevel ikkje skulle skje, skal dette registrerast spesielt.

Rett til varsling

Ifølge eit rundskriv frå Riksadvokaten i november 1999 skal den som er pågripen av politiet normalt få høve til å varsle pårørande og kontakte advokat snarast og seinast innan to timar etter pågripinga. Komitéen finn dette positivt, men tilrår at regelen må gjelde alle som er arresterte, også dei som er tatt i forvaring etter politilova. Justisdepartementet meiner dette i praksis kan vera vanskeleg i tilfeller der mange vert tekne i forvaring samstundes, for eksempel ved store demonstrasjonar og liknande.

Departementet vil likevel sjå nærare på anbefalinga i samband med eit arbeid som pågår for å vurdere ulike sider ved varetektsfengsling. I den samanhangen drøftar ein også spørsmålet om kva slag rettar dei som er pågripne skal ha, samanlikna med rettane til dei som er tatt i forvaring. Når dette er avklart, vil det også bli laga eit informasjonshefte til alle som er tatt i forvaring om rettane deira. Dette er i tråd med komitéen si anbefaling.

Legehjelp

Komiteen legg vekt på retten til nødvendig legehjelp for dei som har opphald i politiarrest. Norske myndigheiter er sjølsagt samde i at desse skal ha dei same rettane til legehjelp som alle andre, og understrekar at det ikkje er politiet som skal vurdere behovet for medisinsk hjelp. Den som er tatt i forvaring skal ha rett til konsultasjon med helsepersonell utan overvaking frå politiet si side.

CPT er elles opptatt av restriksjonar under fengsling, for eksempel brev- og besøksforbod. Riksadvokaten sendte i november i fjor ut nye retningsliner for å minke bruken av restriksjonar. Komitéen tilrår at ordninga vert gjennomgått etter seks månader og ber om å bli informert om resultata, noko Justisdepartementet med glede skal gjera.