Historisk arkiv

Nye medlemmer til SEFO

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Justisdepartementet har nå oppnevnt 45 medlemmer til de særskilte etterforskningsorganene for politiet (SEFO). Det finnes 22 slike organ i Norge. Hvert SEFO-organ består i hovedsak av en dommer, en advokat og en person med erfaring som politietterforsker. Listen over medlemmene av SEFO fra 1.1.2001 ligger som vedlegg til pressemeldingen.

Pressemelding

Nr.: 90-2000
Dato: 20.12.2000
Kontaktperson: Marianne Hammer, 22 24 54 66

Nye medlemer til SEFO

Justisdepartementet har oppnemnd 45 medlemer til dei særskilde etterforskingsorgana (SEFO).

21 av oppnemningane gjeld folk som har vore medlemer ein periode og no får ein ny periode. Dei andre 24 er nye medlemer.

Det er til saman 66 medlemer i dei 22 SEFO-organa (11 hovudorgan og 11 varaorgan). Desse er fordelte geografisk i Noreg. Kvart organ har tre medlemer med i hovudsak ein dommar som leiar, og elles eit advokatmedlem med røynsle frå straffesaker og eit politimedlem med god bakgrunn som politietterforskar. Forutan politimedlemene vil det etter utskiftingane vere 13 SEFO-medlemer som har bakgrunn frå politi eller påtalemakt.

Samansettinga av dei særskilde etterforskingsorgana følgjer vedlagt.