Nye reglar for gevinstautomatar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Justis- og politidepartementet
Pressemelding | Dato: 28.09.2000 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr.: 59-2000
Dato: 28.09.2000
Kontaktperson: Underdirektør Eivind Tesaker 22 24 54 67
Nye reglar for gevinstautomatar
Det er fastsett to nye forskrifter om gevinstautomatar.
Forskrift om oppstillingstillatelser for gevinstautomater og underholdningsautomater vart fastsett av Kongen i statsråd den 22. september 2000. Forskrifta gjer at alle løyver til å stille opp slike automatar vert gitt for avgrensa tid, og fastsett nærare krav til dei løyvene politiet gir.
Justisdepartementet fastsette 27. september 2000 Forskrift om endringer i forskrift 28. august 1998 nr 853 om typegodkjenning av gevinstautomater. Forskrifta inneheld nye tekniske krav til gevinstautomatar som skal stillast opp i Noreg.
Begge forskriftene trer i kraft 1. oktober 2000.
Forskriftene er lagt ut i fulltekst på Justisdepartementet sine nettsider. Adressa dit er:
http://odin.dep.no/jd/norsk/regelverk/lover/index-b-n-a.html